Leve heile livet-konferanse i Bergen
- Dato:
- 3. desember 2019 09:00 - 15:30
- Sted:
- Scandic Flesland Airport, Bergen
- Arrangør:
- Fylkesmannen i Vestland og regionalt støtteapparat for Leve heile livet-reforma
- Målgruppe:
- Frivillige organisasjonar, næringsliv, ansvarlege for planarbeid, ordførarar, rådmenn og leiarar på alle nivå i kommune- og spesialisthelsetenesta, leiarar i kommunar og fylkeskommunar, brukarorganisasjonar, pårøranderepresentantar, politikarar, tilsette i kommunale helse- og omsorgstenester, representantar frå helseføretak, universitet og høgskular, vidaregåande skular og andre interesserte.
Presentasjonar frå konferansen er no lagt ut på nettsida.
Publisert 03.09.2019
Fylkesmannen i Vestland og regionalt støtteapparat for Leve heile livet-reforma inviterer til konferanse. Tema for konferansen er planlegging av aldersvenlege lokalsamfunn, og samarbeid og samskaping mellom frivillig arbeid, næringsliv og kommunar.
Fullstendig program finn de under «Dokument».
Målet med konferansen er
- å vere ein møteplass for ulike aktørar som ønskjer å bidra i arbeidet med gjennomføring av kvalitetsreforma Leve hele livet
- å skape engasjement og begeistring for reformarbeidet
- å vere ein stad for informasjonsutveksling og erfaringsdeling
Det koster ikkje noko å delta på konferansen, og Fylkesmannen dekker dagpakke for dei som deltek. Eventuelle utgifter til overnatting må deltakarar dekke sjølve.
Påmelding til konferansen er bindande, og påmeldingsfristen er 15. november.
- Dato:
- 3. desember 2019 09:00 - 15:30
- Sted:
- Scandic Flesland Airport, Bergen
- Arrangør:
- Fylkesmannen i Vestland og regionalt støtteapparat for Leve heile livet-reforma
- Målgruppe:
- Frivillige organisasjonar, næringsliv, ansvarlege for planarbeid, ordførarar, rådmenn og leiarar på alle nivå i kommune- og spesialisthelsetenesta, leiarar i kommunar og fylkeskommunar, brukarorganisasjonar, pårøranderepresentantar, politikarar, tilsette i kommunale helse- og omsorgstenester, representantar frå helseføretak, universitet og høgskular, vidaregåande skular og andre interesserte.
Kontaktpersoner
Dokumenter
- Program: Leve heile livet-konferansane
- Ingrid Køhler Knutsen, Helsedirektoratet, Program for et aldersvennlig Norge
- Ragnhild N. Dahl, Pensjonistforbundet Presentasjon bolig
- Alf Waage, Bylivsenteret, Aldersvennlig stedsutvikling
- Susanne Lier Fagerbakke, Verdighetssenteret, Frivillighetskoordinering
- Christian Rieber, GC Rieber Fondene, Helgetun
- Hogne Haugsdal, Alver kommune, Leve heile livet
- Else-Marie Brobakke Aarø, Hordaland fylkeskommune, Aldersvennleg samfunn