Nettverkssamling om kvalifiseringsprogrammet 28. november 2019
- Dato:
- 28. november 2019 09:00 - 15:00
- Sted:
- Skatteetaten, Nonnesetergaten 4, Bergen
- Arrangør:
- Fylkesmannen i Vestland
- Målgruppe:
- Nav-tilsette som gjer vedtak om kvalifiseringsprogram og følgjer opp deltakarar i programmet
Tema for samlinga blir innhald i kvalifiseringsprogram
Arbeids- og velferdsdirektoratet og Ny sjanse, kvalifiseringssenter for innvandrarar, deltar med innlegg. Vi legg opp til erfaringsutveksling mellom deltakarane om korleis lage gode, individuelt tilrettelagde kvalifiseringsprogram. Dette med utgangspunkt i case.
Nettverkssamlingane er ein fagleg møtestad og eit diskusjonsforum for Nav-tilsette som arbeider med kvalifiseringsprogrammet (KVP).
Praktisk informasjon og påmelding
Registrering i resepsjonen hjå Skatteetaten frå kl. 08.30.
Samlinga er gratis, og deltakarane får servert enkel lunsj. Om du har matallergiar, eller det er anna informasjon som er viktig for arrangør å vite om, opplyser du om dette i merknadsfeltet i påmeldinga. Fylkesmannen i Vestland bestiller og dekkjer kostnad med hotellovernatting 27-.28- november 2019 for deltakarar som treng det grunna lang reiseveg. Denne regelen blir praktisert strengt. Dei som har behov for overnatting melder frå om det i påmeldingsskjemaet. Fylkesmannen dekker ikkje reiseutgifter.
Det er avgrensa tal plassar og Fylkesmannen tek difor atterhald om å kunne prioritere mellom dei påmelde, slik at flest mogeleg kommunar vert representerte. Personar som ikkje er tilsette i Nav-kontor kan ikkje rekne med å få plass på samlinga.
Påmeldingsfrist er 11.november. Vi sender ut endeleg stadfesting om tildelt plass på samlinga etter at påmeldingsfristen er gått ut.
Meir om nettverkssamlingane og arbeidsgruppa finn du her.
- Dato:
- 28. november 2019 09:00 - 15:00
- Sted:
- Skatteetaten, Nonnesetergaten 4, Bergen
- Arrangør:
- Fylkesmannen i Vestland
- Målgruppe:
- Nav-tilsette som gjer vedtak om kvalifiseringsprogram og følgjer opp deltakarar i programmet