Møte for kommuneoverlegar i Hordaland og Sogn og Fjordane

Dato:
21. november 2019 10:30 - 22. november 2019 15:15
Sted:
Scandic Ørnen, Lars Hilles gate 18, Bergen
Arrangør:
Fylkesmannen i Vestland
Målgruppe:
Kommuneoverlegar og andre legar med samfunnsmedisinske oppgåver i kommunane.

Fylkesmannen inviterer kommuneoverlegane og samfunnsmedisinarane i Hordaland og Sogn og Fjordane til det årlege møtet for kommuneoverlegar.

Publisert 04.07.2019

Vi meiner dette er ein viktig møtestad for samfunnsmedisinarane i fylka og håpar de finn programmet interessant. Det er lagt ut eit førebels program, som de finn under «Dokument». Programmet oppdaterer vi fortløpande.

Legeforeningen har godkjent kurset for teljande timar i samfunnsmedisin og allmennmedisin.

Møtet er gratis, og vi dekker dagpakkar og felles middag.  Hotellovernatting blir dekt for dei med lengre reiseveg (meir enn 1 time). 

Registrering startar klokka 10.30 torsdag 21. november, og vi byrjar med lunsj klokka 11.00. 

Påmeldinga er bindande, og ved manglande oppmøte utan avbestilling må du sjølv dekke utgiftene til dagpakkar og eventuelt hotellrom. 

Frist for påmelding er sett til 10. november, fordi vi må gje ei tilbakemelding til hotellet på sannsynleg tal på deltakarar. 

De er velkomne!