Barns deltaking og dokumentasjon av barnets stemme i barnevernet
- Dato:
- 7. november 2019 09:30 - 15:30
- Sted:
- Høgskulen på Vestlandet (HVL) - Mimes brønn, Inndalsveien 28, 5063 Bergen
- Arrangør:
- Fylkesmann i Vestland, Bergen kommune og Høgskolen på Vestlandet.
- Målgruppe:
- Tilsette i barneverntenestene i Vestland
Fylkesmannen i Vestland har som ein del av regjeringa sin kompetansestrategi 2018-2024 etablert kommunale læringsnettverk for barneverntenestene. Målet er å legge til rette for kvalitetsutvikling på lokalt nivå. Som ein del av læringsnettverket sitt prosjekt om dokumentasjon av barnas stemme i barnevernet, vert det arrangert ein dagskonferanse 7. november.
Tema for konferansen er dokumentasjon av barns stemme i barnevernet og barns deltaking. Her vil ulike føredragshaldarar som forskarar på feltet, Landsforeningen for barnevernsbarn, Fylkesmannen i Vestland, og barnevernsleiarar bidra til å sette fokus på temaet.
Bergen kommune er vertskommune for dette delprosjektet og HVL inngår som kompetansemiljø. I tillegg deltar òg kommunane Gulen og Masfjorden og Kvinnherad i delprosjektet.
Konferansen er gratis, og er for alle kontaktpersonar i dei kommunale barneverntenestene i Vestland.
Endeleg program er klart.
Læringsnettverket har ei eiga side med meir informasjon om dei ulike prosjekta.
Ta kontakt med arrangørar Ingunn Barmen Tysnes eller Sigrun-Iren Stokken dersom de har spørsmål knytt til konferansen.
Påmeldinga er no stengt, men det vil vere mogeleg å etterpåmelde seg fram til 4.november ved å sende e-post til arrangør Ingunn Barmen Tysnes. E-post finn du under eksterne kontaktpersonar. Hugs å ta med ditt navn, arbeidsplass, kommune og eveneutelle omsyn eller allergiar.
- Dato:
- 7. november 2019 09:30 - 15:30
- Sted:
- Høgskulen på Vestlandet (HVL) - Mimes brønn, Inndalsveien 28, 5063 Bergen
- Arrangør:
- Fylkesmann i Vestland, Bergen kommune og Høgskolen på Vestlandet.
- Målgruppe:
- Tilsette i barneverntenestene i Vestland
Kontaktpersoner
Dokumenter
Eksterne kontaktpersonar
Ingunn Barmen Tysnes
Epost: ibt@hvl.no
Tlf: 55 58 78 66
Sigrun-Iren Stokken
Epost: sigrun.iren.stokken@bergen.kommune.no
Tlf: 40 80 89 34