Møte for kommunalsjefar, fagleiarar og tenesteleiarar innan rus og psykisk helse i kommunane
- Dato:
- 2. oktober 2019 09:30 - 3. oktober 2019 15:30
- Sted:
- Scandic Ørnen, Lars Hilles gate 18, Bergen
- Arrangør:
- Fylkesmannen i Vestland
- Målgruppe:
- Kommunalsjefar, fagleiarar og tenesteleiarar innan rus og psykisk helse
Presentasjonar frå møtet for kommunalsjefar, fagleiarar og tenesteleiarar innan rus og psykisk helse i kommunane i Hordaland og Sogn og Fjordane er publisert.
Fylkesmannen i Vestland inviterer til møte for kommunalsjefar, fagleiarar og tenesteleiarar innan rus og psykisk helse i kommunane i Hordaland og Sogn og Fjordane. Brukarorganisasjonar er også velkomne til å delta på møtet.
Tema for møtet er mellom anna:
- Kva er status på feltet rus og psykisk helse i kommunane? Rus og psykisk helse – nær ved eller langt unna å nå målet om styrkt tenestetilbod?
- Vald i nære relasjonar – førebyggje, avdekke og følgje opp
- Utdeling av brukarutstyr – gode rutinar og kontroll
- Brukarmedverknad i tenesteutvikling
- Lågterskeltilbod i kommunane
Praktisk informasjon
Brukarorganisasjonar er velkomne til å delta med ein representant frå kvar organisasjon.
Deltakaravgift er 500 kroner per dag. Påmelding til møtet er bindande.
Om du må melde deg av møtet, er avmeldingsfristen 19. september 2019. Ta kontakt med Mona Fauskanger, sjå kontaktinformasjon under fana "Kontaktpersonar".
Deltakarar som ikkje melder seg av innan avmeldingsfristen, og ikkje møter, blir fakturert for dei faktiske kostnadane knytt til påmeldinga; dagpakkar og eventuelt overnatting og middag.
Fylkesmannen inviterer til felles middag 2. oktober kl. 18.00. Meld frå om du ynskjer å delta på felles middag i påmeldingsskjemaet. Det er ikkje eigen deltakaravgift for middagen.
Deltakarar med lang reiseveg kan få dekt overnatting. Meld frå om behov for overnatting i påmeldingsskjemaet.
Fylkesmannen dekkjer ikkje utgifter til reise i samband med møtet.
- Dato:
- 2. oktober 2019 09:30 - 3. oktober 2019 15:30
- Sted:
- Scandic Ørnen, Lars Hilles gate 18, Bergen
- Arrangør:
- Fylkesmannen i Vestland
- Målgruppe:
- Kommunalsjefar, fagleiarar og tenesteleiarar innan rus og psykisk helse
Kontaktpersoner
Dokumenter
Presentasjonar frå samlinga
Presentasjonar frå samlinga
- Regionalt kompetansesenter for rusmiddelforsking - Utdeling brukerutstyr Hordaland Sogn og Fjordane
- MO-senteret Nesttun - Brukerutstsyr kultur og nærmiljø
- Bergen Addiction Research - INTRO HCV
- Bergen kommune - Presentasjon Prosjekt Sent ute
- Napha.pdf
- Bømlo kommune - Recoveryorientert praksis
- ND - Narkotikaprogram med domstolskontroll
- ND - Narkotikaprogram med domstolskontroll2
- ND - Narkotikaprogram med domstolskontroll3
- Hordaland fylkeskommune - Helsetilstad og påverknadsfaktorar, folkehelsearbeid
- Marborg - Reell brukerinvolvering i utvikling av tenester
- Krisesenter Vest - Vald i nære relasjonar - frå handlingsplan til praksis
- Stad - Korleis avdekke og følgje opp vald i nære relasjonar
- Bergen Recoveryskole