Beit - ein optimistisk konferanse om klima, landbruk, fjøs, teknologi og slikt
- Dato:
- 17. oktober 2019 11:00 - 18. oktober 2019 16:00
- Sted:
- Myrkdalen, Voss
- Arrangør:
- Fylkesmannen i Vestland, Myldring AS
- Målgruppe:
- Bønder, offentleg tilsette, kompetansemiljø, studenter, interesserte
BEIT-konferansen samlar nokre av dei klokaste og mest innovative folka innan utvikling av «klimasmarte gardar» til ein konferanse på Myrkdalen hotell på Voss. Fjøsbygg i tre og smarte løysingar i drifta frå inn- og utland vert presentert og diskutert. Vi treng eit taktskifte og eit felles løft i klimaarbeidet.
Kulturlandskapet på Vestlandet med dei pittoreske små kyst-, fjord- og fjellgardane gjer seg bra på turistane sine Instagram- og Facebook-bilete. Men desse gardane må bidra meir for å motarbeide klimaendringar og enkelt sagt, redde klimaet for komande generasjonar. Denne konferansen vil vere eit bidrag til meir handling (og mindre prating).
-
Dyrevelferda?
-
Det driftsmessige – kva slags nye løysingar for betre fjøsdrift er tilgjengelege eller å forvente i nær framtid? Kva er uløyst?
-
Det finansielle – kva kostar eit klimasmart bygg? Er vedlikehaldet dyrt? Kven hjelper bonden med å finne den beste løysinga for akkurat denne garden?
-
Kva er smarte løysingar elles på garden?
Spikra program og lenkje til påmelding finn du under BEIT-konferansen 2019
Meld deg på no - det er nokre restplassar igjen!
- Dato:
- 17. oktober 2019 11:00 - 18. oktober 2019 16:00
- Sted:
- Myrkdalen, Voss
- Arrangør:
- Fylkesmannen i Vestland, Myldring AS
- Målgruppe:
- Bønder, offentleg tilsette, kompetansemiljø, studenter, interesserte