Tvangsreglane i helselovgjevinga: samling for fylkesmannsembeta

Dato:
23. september 2019 10:30 - 25. september 2019 12:00
Sted:
Scandic Bergen City
Arrangør:
Helsedirektoratet, Statens helsetilsyn og Fylkesmannen i Vestland

Helsedirektoratet, Statens helsetilsyn og Fylkesmannen i Vestland inviterer til felles samling i Bergen. Det er ikkje lenger mogleg å melde seg på denne samlinga.  

Publisert 11.06.2019

Praktisk informasjon

Helsedirektoratet og Statens helsetilsyn dekker overnatting og måltid. Målgruppa for samlinga er først og fremst sakshandsamarar på dei aktuelle regelverka i dei ulike embeta, i tillegg til fylkeslegene.

Det er rom for 5-6 påmelde frå kvart embete. Konferansen vil vere på Scandic Bergen City. Det enkelte embete betalar reisa.

Om det faglege opplegget

Tvangslovutvalget legg fram sin NOU 15. juni 2019. Vi ønskjer å setje av 24. september til handsaming av utvalet sitt forslag. Dette mellom anna vere nyttig i arbeid med høyringssvar. Det nærmare opplegget for denne dagen vil bli fastlagt etter at utvalet har lagt frem utgreiinga.

Resten av tida (frå lunsj til middag den 23. september og frå frokost til lunsj den 25. september, det vil seie. to halve dager) vil bli sett av til tema knytt til sakshandsaming og lovanvendelse etter hhv. helse- og omsorgstjenesteloven kapittel 9 (d. 23.9) og pasient- og brukerrettighetsloven kapittel 4A (d. 25.9).

Førebels program er vedlagt. Vi ber om at de sender ein e-post til varin.hellevik@helsedir.no dersom de har særlige ønsker om kva som skal takast opp på desse to områda/dagane.

Dato:
23. september 2019 10:30 - 25. september 2019 12:00
Sted:
Scandic Bergen City
Arrangør:
Helsedirektoratet, Statens helsetilsyn og Fylkesmannen i Vestland