Ny nasjonal tilsynskalender

Statsforvaltaren har teke i bruk ein felles tilsynskalender som skal gi kommunane betre oversikt over planlagde statlege tilsyn. Dei statlege aktørane i Vestland har no lagt inn planlagde tilsyn for 2021.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 08.01.2021, Sist endret 08.01.2021

Statsforvaltaren har ansvar for samordning av tilsyn

Den nye kommunelova stiller større krav til samordning av planlagde statlege tilsyn med kommunane. Det vil seie at Statsforvaltaren skal vurdere det samla omfanget av statleg tilsyn med den enkelte kommune, og dei statlege tilsyna skal ta omsyn til samla belastning på kommunen når dei planlegg tilsyn. Vi skal òg ta omsyn til om kommunen har gjennomført relevante forvaltningsrevisjonar.

Korleis kan kommunen få oversikt over tilsyna?

Kommunane kan gå inn i tilsynskalenderen, opprette brukar og logge seg inn for å sjå kor mange tilsyn som er registrerte for eigen kommune i 2021. Du opprettar brukar ved å søke om rolle gjennom tilsynskalenderen.  

Dei statlege tilsyna skal vere ferdig samordna innan 15. januar 2021 , og tilsynskalenderen vil bli revidert 10. juni 2021.

Meir informasjon

Informasjon frå Kommunal- og moderniseringsdepartement. Her finn du også tidlegare utsende brev til kommunane frå departementet.

Fylkesmannen heldt eit informasjonsmøte med kommunane 23. oktober 2020. Her kan du sjå opptak frå Teams-møtet

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.