Statsbudsjettet for 2023

Regjeringa Støre har lagt fram Statsbudsjettet for 2023 i dag. Sterk kostnadsvekst og lågare inntekter gir samla sett ein realnedgang for kommunane, samanlikna med nivået i revidert nasjonalbudsjett 2022.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 06.10.2022

Pårekna vekst i frie inntekter for kommunane i Vestland frå 2022 til 2023 er 3,5 prosent, det same som snittet for landet. 22 kommunar ligg over eller likt med landssnittet, medan 21 kommunar ligg under veksten for landet. Anslag på deflator er sett til 3,7 prosent for 2023.
Sjå graf nedanfor om nominell prosentvis vekst i frie inntekter:

 

Veksten i frie inntekter vil variere mellom kommunane. Årsaker som påverkar kommunane ulikt frå år til år er folketal og alderssamansetjing, endringar i inntektssystemet eller andre kriteriedata, skjønnstilskot, veksttilskot, distriktstilskot/småkommunetillegg, eller skattegrunnlaget. 

Vedlagt finn de brev til kommunane med ei oppsummering av statsbudsjettet for 2023, og tabell over frie inntekter til kommunane i Vestland.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.