Statsbudsjettet for 2021
Statsbudsjettet for 2021 er lagt fram i dag. Årets budsjett og budsjettet for neste år er prega av dei omfattande økonomiske tiltaka retta mot koronapandemien. Det vil kome ein tilleggsproposisjon for 2021 i byrjinga av november, og ei ny saldering for 2020 i slutten av november.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Pårekna vekst i frie inntekter for kommunane i Vestland frå 2020 til 2021 er 3,1 prosent. Gjennomsnittleg vekst for landet er 3 prosent. 24 av kommunane i Vestland ligg under veksten for landet, medan 19 kommunar ligg likt eller over landsveksten. Anslag på deflator er sett til 2,7 prosent. Sjå graf om nominell prosentvis vekst i frie inntekter nedanfor:
Veksten i frie inntekter vil variera mellom kommunane. Årsaker som påverkar kommunane ulikt frå år til år er endringar i inntektssystemet, i folketalet og alderssamansetjing, andre kriteriedata, skjønstilskot, veksttilskot, distriktstilskot eller småkommunetillegg, og i skattegrunnlaget.
Du finn brev til kommunane med ei oppsummering av statsbudsjettet 2021 og tabell over dei frie inntektene, til høgre i artikkelen.
Kontaktpersoner
-
Håvard Rød
Tlf: 55 57 21 43 / 95 80 97 40 -
Marit Lunde
Tlf: 57 64 30 05 / 95 06 29 35