Gjennomgang av budsjett og økonomiplanar
Kommunane sender budsjett 2020 og økonomiplan 2020 – 2023 til Fylkesmannen, som går gjennom dokumenta etter kommunelova med forskrifter og retningslinjer.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
For kommunar som ikkje er under statleg kontroll og godkjenning (Robek-registrerte) er dokumenta sendt til Fylkesmannen til orientering, jf. kommunelova § 14-3 fjerde ledd. Fylkesmannen skal ikkje godkjenne budsjett og økonomiplan for desse kommunane. Men vi kontrollerer at budsjett og økonomiplan er i balanse og at det ikkje er budsjettert med uspesifiserte innsparingar, som er knytt til om ein kommune skal registrerast i Robek. For kommunar som er registrerte i Robek gjer vi ein grundigare gjennomgang av planane, og skal godkjenne låneopptaket som kommunestyret har vedteke for budsjettåret.
Alle kommunane får ei tilbakemelding i eit brev om korleis Fylkesmannen vurderer kommunens økonomi og utviklinga slik den er planlagt i budsjett og økonomiplan. Der det er manglar etter forskrift om budsjett og økonomiplan, eller andre særlege avvik etter lover og forskrifter, har vi påpeika dette og bede kommunen følgje opp. Etter kvart som vi har gjort gjennomgangen og sendt brevet til kommunen, blir dette lagt ut under denne artikkelen. Når gjennomgangen er gjort for alle kommunane, lagar vi ei samla oppsummering med vurdering for kommunane i Vestland. For kommunar som er/blir registrert i Robek, blir brevet til kommunen lagt ut i ein eigen artikkel.
Kontaktpersoner
-
Marit Lunde
Tlf: 57 64 30 05 / 95 06 29 35 -
Håvard Rød
Tlf: 55 57 21 43 / 95 80 97 40
Lenker
Budsjettbrev til kommunane
- 4602 Kinn
- 4642 Lærdal
- 4614 Stord
- 4630 Osterøy
- 4629 Modalen
- 4633 Fedje
- 4649 Stad
- 4641 Aurland
- 4648 Bremanger
- 4601 Bergen
- 4627 Askøy
- 4621 Voss
- 4644 Luster
- 4639 Vik
- 4620 Ulvik
- 4625 Austevoll
- 4643 Årdal
- 4632 Austrheim
- 4647 Sunnfjord
- 4628 Vaksdal
- 4619 Eidfjord
- 4634 Masfjorden
- 4640 Sogndal
- 4618 Ullensvang
- 4618 Kvinnherad
- 4624 Bjørnafjorden
- 4631 Alver
- 4650 Gloppen
- 4645 Askvoll
- 4623 Samnanger
- 4646 Fjaler
- 4635 Gulen
- 4637 Hyllestad
- 4622 Kvam
- 4638 Høyanger
- 4651 Stryn
- 4626 Øygarden
- 4611 Etne
- 4612 Sveio
- 4636 Solund
- 4613 Bømlo
- 4615 Fitjar
- 4616 Tysnes
- 4642 Lærdal