Fordeling av skjønn i statsbudsjettet 2023
Statsforvaltaren har i fordelinga av skjønnsmidlar lagt til grunn ei heilskapleg vurdering av kommunanes overordna økonomiske situasjon. I tillegg har vi vurdert om det er lokale tilhøve som ikkje er varetekne godt nok i inntektssystemet eller gjennom andre tilskotsordningar.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Nasjonalt er basisramma for skjønnsmidlar til kommunane redusert med 50 mill. kroner frå 2022 til 2023, og utgjer totalt 800 mill. kroner. Ramma til Vestland for 2023 er 139,1 mill. kroner, ein nedgang på 5,9 mill. kroner frå 2022. Kuttet i basisramma er gjort ved eit likt kutt i kroner per innbyggjar i alle embetas skjønnsrammer.
Vi har fordelt vår ramme slik mellom dei ulike typar skjønnsmidlar:
- ordinære skjønnsmidlar til kommunane i statsbudsjettet 109,1 mill. kroner
- fornyings- og innovasjonsprosjekt 15 mill. kroner
- til seinare fordeling i budsjettåret 15 mill. kroner
Midlar til fornyings- og innovasjonsprosjekt og fordeling seinare i budsjettåret er førebelse rammer, og det kan verte forandringar mellom desse rammene.
Les meir om fordelinga till kommunane i vårt brev til Kommunal- og distriktsdepartementet vedlagt.
Kontaktpersoner
-
Marit Lunde
Tlf: 57 64 30 05 / 95 06 29 35 -
Håvard Rød
Tlf: 55 57 21 43 / 95 80 97 40 -
Nils Erling Yndesdal
Tlf: 57 64 31 20 / 95 72 33 72