Kommunebilde Stord

Statsforvaltaren var på kommunebesøk til Stord kommune 4. desember. No er kommunebildet for Stord publisert.

Publisert 20.01.2025

Leiargruppa hjå Statsforvaltaren i Vestland møtte administrativ og politisk leiing i Stord kommune. Møtet fann stad på Stord rådhus.

Kommunebildet har nøkkeltal med faktaopplysningar og viser heilskapsinntrykket vårt av kommunen. Kommunebildet viser også kva inntrykk vi har av fag- og forvaltningsområde der Statsforvaltaren har ei samfunnsrolle. Kommunebildet kan gje viktige signal om utfordringar det er viktig å ta tak i framover. 

Bruk vedlagde lenke til å vise kommunebildet for Stord.
Til høgre finn du og brevet vi sende til kommunen etter kommunebesøket. 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.