Tildeling av fornyings- og innovasjonsmidlar 2021

Statsforvaltaren har tildelt midlar til fornyings- og innovasjonsprosjekt for tilsaman 14,025 mill. kroner til kommunane i Vestland.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 01.06.2021

Vi fekk inn 74 søknader med samla søknadssum på omlag 87 mill. kroner.
Vi har tildelt fornyingsmidlar i samsvar med retningslinjer frå kommunaldepartementet, og tilbakemeldingar frå KS sitt fylkesstyre og frå regionråd. Det er spesielt prosjekt til tenesteutvikling innafor feltet utsette barn og unge, og digitaliseringsprosjekt som omfattar alle kommunane i fylket, som er prioriterte i år.

20 prosjekt har fått tildelt midlar for tilsaman 14,025 mill. kroner. 

Brev til kommunane og til kommunaldepartementet finn de til høgre i artikkelen.

I tabellen nedanfor finn de prosjekta som har fått tildelt midlar:

Kommune Prosjekt nr. Prosjekt Tildelt sum
       
Sunnfjord 102 E-helse Vestland. Vestland som kraftregion for teknologi helse- og omsorg 2021 3 000 000
Alver 4 Fag- og tenesteutvikling i Region Nordhordland Helsehus 400 000
Bergen 24 Regional koordinator for Akson 500 000
Askøy 44  "Ung i helse" - samarbeid mellom Øygarden og Askøy 375 000
Øygarden 53 Aldri Alene. Kompetanse for tilsette og innbyggjarar for å hindre sjølvmord  750 000
Askøy 105 LUP-prosjekt, utviklingsarbeid i "Askøyskolen" 200 000
Ullensvang 7 Samhandling rundt utsette barn og unge 600 000
Øygarden 17 Vendepunkt. Reparering og bearbeiding etter mobbe- og valdssaker 500 000
Stad 49 Meiningsfull aktivitet for unge i Stad 100 000
Stord 87 Rett hjelp der barnet bur 750 000
Bergen 100 Digi Vestland - Digitalisering av plan, bygg og geodataområdet  900 000
Bergen 101 Digi Vestland - Innføring av Digi helsestasjon 500 000
Osterøy  90 Digital samhandling til det beste for barnet 450 000
Bergen 97 Digi Vestland - Utvidelsen av digitaliseringssamarbeidet 2 500 000
Alver 33 Interkommunal plan for sjøareal i Region Nordhordaland 600 000
Alver 58 Digitalisering av ROS i tenesteområda 300 000
Bergen 98 Digi Vestland - Datasikkerheit og beredskap 1 000 000
Kinn 40 Sirkulære Kinn 200 000
Voss 48 Vossaklima 2030 200 000
Sogndal Sogn for alle - foreldrestøtte for innvandrarar 200 000
       
    Samla tildeling kr. 14 025 000
       

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.