Søknad om utsleppsløyve for Palmafossen kraftverk

Høringsfrist:
9. januar 2019 23:00

Voss Energi AS søker om løyve til utslepp i samband med opprusting og utviding av Palmafossen kraftverk i Voss kommune. Tiltaket vil starte i januar 2019 og vare i om lag 15 månader, truleg med eit opphald i flaumperioden mai til juli 2019.

Publisert 31.12.2018

Olje og Energidepartementet har gitt Voss Energi AS løyve til å oppruste og utvide Palmafossen kraftverk. Palmafossen kraftverk ligger i Raudalselva som er ein del av Vossovassdraget. Vossovassdraget er eit verna vassdrag og er eit nasjonalt laksevassdrag.

Skisse med oversikt over prosjektet

Prosjektet

Oppgraderinga vil bestå i ein ny dam og eit nytt kraftverk, begge deler lokalisert om lag som i dag, med ein ny inntakskanal i same trasè som dagens inntaksrør. Slukeevnen blir auka frå 3 m³/s til 30 m³/s, og årleg produksjon er anslått til 14,0 GWh i eit middels år. Ny betongdam er planlagt støypt på fjell, og vil være omlag 100 m lang og maksimalt 6 m høy.

Ny fisketrapp skal bli etablert på omtrent same sted som den eksisterande. Fisketrappa skal byggjast om og forlengast, og her vil det bli naudsynt med pigging og mindre sprengingsarbeid.

Det er også planlagt oppreinsking og utviding av elvegjelet nedstraums kraftstasjonen sitt avlaup. Store stein og knausar som stikk inn i elva og lagar passasjen trong på nokre plassar vil bli fjerna.

Offentleg ettersyn

Søknadsdokumenta finn du til høgre på denne nettsida.

Høyringsfrist er 9. januar 2019

Merknader til søknaden kan du leggje inn i skjemaet under, sende til fmvlpostmottak@fylkesmannen.no, eller til Fylkesmannen i Vestland, Postboks 7310, 5020 Bergen.

Merk saka med referansenummer 2018/15613. Frist for å gje fråsegn er 9. januar 2019.

Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under fullt namn. Fråsegn som ikkje er seriøse vert ikkje vurdert.

Uttale