Søknad om løyve til anlegg for gjenvinning og deponering av jord og stein som ikkje er forureina i Bjørnafjorden kommune

Høringsfrist:
9. mai 2025 23:59
flyfoto med grønne skogområde og spreidde hus i eit grasdekt område
Flyfoto av området der det vert søkt om å etablere avfallsanlegg for gjenvinning og deponering av stein- og jordmassar i dalen mellom Langedalen og Lysekloster.

Klosterparken AS under etablering ved AS Helldal & co søkjer om løyve etter forureiningslova for avfallsanlegg på Lysekloster i Bjørnafjorden kommune.  

Publisert 26.03.2025

Søknaden gjeld oppfylling av omlag 2 700 000 m3 jord og stein som ikkje er forureina i dalen mellom Langedalen og Lysekloster. I tillegg vil drifta omfatte knusing, sortering, vidareforedling og lagring av reine stein- og jordmassar. Det er søkt om å ta imot 250 000 tonn per år. 

Det er søkt om å sleppe ut vatn frå anlegget til Sjøbøelva etter reinsing. 

Offentleg ettersyn 

Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida. 

Merknader til søknaden kan du sende til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger. 

Merk saka med referansenummer 2024/18974. Frist for å gje fråsegn er 9. mai 2025. 

Alle fråsegner vert registrert i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn.