Høyring av eit utvida og oppdatert Kvitingsmorki naturreservat i Årdal
- Høringsfrist:
- 15. mai 2025 23:59

Vi sender på høyring ei utviding av Kvitingsmorki naturreservat i Årdal kommune. Prosessen inkluderer også ei fornying av verneforskrifta etter modell fra frivillig skogvern-ordninga og ei justering av vernegrensa. Du er velkomen til å sende innspel innan 15. mai 2025.
Som del av arbeidet med å ta vare på naturmangfaldet i Vestland fylke sender vi ut framlegg til frivillig skogvern for eit utvida område av Kvitingsmorki naturreservat i Årdal kommune. Utvidingsområdet heiter frå gamalt av Skogateigen, og vil inngå i eit nytt, oppdatert Kvitingsmorki naturreservat.
Vernereglane for Kvitingsmorki vil bli oppdatert etter nye malar for frivillig skogvernområde. Grensene for verneområdet blir også tilpassa kommunegrensa.
Tilgrensande utvidingsområdet til Kvitingsmorki ligg Bermålsnosi, eit nyleg tilrådd verneområde som no ligg til handsaming i Miljødirektoratet. Nettsaka med vår tilråding ligg i høgrefana. Bermålsnosi ligg på andre sida av kommunegrensa, i Lærdal kommune.
Føremålet med høyringa er å adressere innspel som har kome til oppstartsmeldinga, og informere om endringar i vernet basert på desse innspela. Høyringa opnar òg for nye innspel til verneframlegget.
Kvitingsmorki naturreservat er eit typeområde for barskogsmosaikk
Kvitingsmorki naturreservat vart etablert den 17. desember 1999, som ein del av verneplanen for barskog i Vest-Noreg. Dette var før ordninga med frivillig skogvern var etablert. Det eksisterande naturreservatet er 17 300 dekar stort, og det er komme tilbod frå gards- og bruksnummer 2/1 på eit tilleggsareal på om lag 580 dekar som Statsforvaltaren har takka ja til å setje i gang verneprosess på. Kvitingsmorki naturreservat kan, etter ei eventuell utviding og justering av vernegrensa til å følgje kommunegrensa mellom Årdal og Lærdal, bli 17 951 dekar. Utvidingsarealet husar mykje av den same skogen som ligg innanfor vernegrensa til Kvitingsmorki i dag, i stor grad boreal barskog. Kvitingsmorki er vurdert å vere eit typeområde og har nasjonale verneverdiar. Eit typeområde er eit stort område som, i dette tilfellet, representerer den typiske barskogsmosaikken i den bestemte naturgeografiske regionen indre fjordstrøk på Vestlandet.

Med Skogateigen inkludert i naturreservatet vil vi dekke meir av nedbørsfeltet og vil binde saman Kvitingsmorki og Bermålsnosi.
Kvifor utvide Kvitingsmorki?
Formålet i dag med Kvitingsmorki naturreservat er å sikre eit skogområde med alt naturleg plante- og dyreliv. Av spesielle kvalitetar kan nemnast at området utgjer eit stort, samanhengande skogområde med eit stort mangfald av vegetasjonstypar, og med ein skoggradient frå fjord til fjell. Ved å følgje denne lenkja kan du sjå dagens vernereglar i naturreservatet: Forskrift om freding av Kvitingsmorki som naturreservat, Årdal kommune, Sogn og Fjordane - Lovdata
Utvidingsområdet er ikkje kartlagt etter ny metodikk, men det tilgrensande området, Bermål, vart kartlagt av biologar i 2022. Det vart påpeikt i rapporten at arealet mellom Bermål og dagens naturreservat Kvitingsmorki også burde bli vurdert for vern for å sikre ei samanhengjande li langs Sognefjorden, noko vi med dette brevet har oppnådd etter god dialog med grunneigarane.

Kvifor vern av skog?
Artsdatabanken, den nasjonale kunnskapsinstitusjonen for naturmangfald, reknar med at om lag 60 prosent av alle artane på fastlandet i Noreg har skog som levestad. Totalt 90 prosent av dei truga raudlisteartane vert negativt påverka av menneskelege arealendringar. Inngrep som følgje av utbygging og skogbruk er blant dei viktigaste faktorane. Å ta vare på mest mogleg intakte økosystem i skog er blant dei viktigaste tiltaka vi kan gjere for å ta vare på vestlandsnaturen for framtida.
Mål om 10 prosent vern av skogen i Vestland
Det er eit nasjonalt mål å redusere tap av naturmangfald, og som eit ledd i dette har regjeringa ei langsiktig målsetjing om at 10 prosent av skogen i Noreg skal bli verna. Med litt over tre prosent av skogen verna, er vi enno langt unna dette målet i Vestland.
Ordninga frivillig skogvern er eit vern der staten er heilt avhengig av at grunneigaren sjølv ønskjer dette. Ved vernevedtak har grunneigarane akseptert det økonomiske tilbodet frå staten.
Innspel og vidare framdrift
Det er ønskjeleg med innspel på verneforslaget slik at prosessen og tema kan verta så opplyst som mogleg. Når innspel til denne høyringa er vurdert, vil vi ta endeleg stilling i vår tilråding av vern til Miljødirektoratet.
Du kan også sende innspel med brev til Statsforvaltaren ved miljøavdelinga, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger, eller per e-post til sfvlpost@statsforvalteren.no. Vi har også ei eiga temaside om frivillig skogvern til høgre i denne nettsaka der du kan få meir generell informasjon om ordninga.
Frist for å kome med innspel er 15. mai 2025
I adresselista har vi forsøkt å få med alle dei aktuelle høyringspartane vi veit om. Dersom de finn feil eller veit om fleire partar som de meiner burde ha fått brevet ber vi om tilbakemelding om dette.
- Høringsfrist:
- 15. mai 2025 23:59