Vi startar arbeidet med vern av nasjonalt viktig natur på Selbjørn i Austevoll
- Høringsfrist:
- 18. april 2025 23:59

Kystlyngheia på Selbjørn er det største kystlyngheiområdet i Hordaland. Naturtypen har vore i tilbakegang gjennom lang tid. Vern vil gje betre høve til å ta vare på desse store naturverdiane for framtida gjennom tradisjonell drift. Frist for uttale er 18. april 2025.
Nasjonalt oppdrag
Verneframlegget er ein del av det nasjonale oppdraget «Bevaring av verdifull natur» som for Vestland sin del omfattar oppretting av tre nye nasjonalparkar og 22 andre verneområde. I tillegg kjem utvidinga av sju eksisterande område.
Eitt av områda som skal utvidast er Steinevik naturreservat på Selbjørn, i Austevoll kommune. Naturreservatet er i dag på om lag 1 km2, og er freda for å ta vare på myr- og lyngheilandskap som er typisk for dei ytste kyststroka i fylket. Utvidinga vil innlemme eit større areal med kystlynghei, og aukar området til om lag 10 km2. Ny forskrift som skal utarbeidast gjennom verneprosessen vil gjelde for både eksisterande og nytt verneområde.
Føremålet med vernet er å ta vare på trua, sjeldan og sårbar natur ved utviding av naturreservatet, jf. naturmangfaldlova § 37.
Trua og sårbar natur
Utvidinga av Steinevik naturreservat vil innlemme eit større inngrepsfritt areal med kystlynghei, myr og noko naturbeitemark til det eksisterande verneområdet (sjå kart med føreslegen utstrekning i vedlegg til saka). Kystlynghei er ein sterkt trua naturtype som tidlegare var utbreidd langs store delar av Noregs kyst. Det største trugsmålet mot naturtypen er attgroing som følgje av opphøyr i tradisjonell drift med beiting og lyngbrenning. Naturtypen kystlynghei er no så truga at ho har fått status som «Utvald naturtype».
Lynghei med røsslyng dominerer, men purpurlyng finst som små bestandar i sørvendte skråningar. I område med glimmerskifer og fylitt har røsslyngheia ei svært artsrik og til dels varmekjær utforming. Det er òg registrert fleire mindre lokalitetar med olivinmark der det er registrert artar kjenneteikna for denne baserike berggrunnen.
Naturbeitemark er òg ein trua naturtype som er avhengig av drift i form av beite for å ikkje gro att. Innanfor området er det registrert ei rekkje trua artar, og fleire av desse er knytt til naturbeitemarka. Tradisjonell drift med heilårsbeite har vore meir eller mindre kontinuerleg på Selbjørn langt tilbake i tid, mens lyngbrenning vart starta opp att i 2010.
Naturkrise også i Vestland
Globalt, så vel som lokalt i Vestland står vi overfor ei naturkrise like alvorleg som klimakrisa. Tap av natur til utbygging er den viktigaste enkeltårsaka. Temaet har mellom anna blitt godt illustrert gjennom ulike medieoppslag det siste året. Miljødirektoratet la nyleg også fram ein rapport som viser at tapet av villmarksprega natur er dobla. Frå tap av 117 kvadratkilometer i perioden 2013-2017 til 241 kvadratkilometer i 2018-2022. Områdevern sikrar at viktig natur ikkje blir øydelagt, og er difor eit av våre viktigaste verktøy for å nå nasjonale miljømål og i møte med naturkrisa.
Dette verneoppdraget skal bidra til å dekke manglane i eksisterande verneplanar. Ved å ta godt vare på naturen i desse områda, kan dette bidra til at vi når dei nasjonale måla om bevaring av eit representativt utval av norsk natur for kommande generasjonar og om å ta vare på trua artar og naturtypar.

Dialog om kandidatområdet
Austevoll kommune og grunneigarar som eit eventuelt vern vil påverke har vorte informert om planane om å starte verneprosess i brev av 23. august 2023. 5. desember same år vart det òg halde informasjonsmøte i Bekkjarvik.
Før og etter møtet kom det innspel om vernegrensa. Innspela førte til justeringar av den føreslegne vernegrensa. Eit område som er regulert til hyttebygging vart fjerna frå verneforslaget. Det vart òg innlemma eit mindre område med sitkagran som ligg midt på øya. Dette vil opne for at forvaltninga kan utføre tiltak for å fjerne granførekomsten, og dermed hindre vidare spreiing. Kart med nytt forslag til avgrensing er lagt ved saka.
Det kom òg inn andre innspel om områdeavgrensinga til informasjonsbrevet. Desse vil bli teke med vidare og vert handsama i høyringa.
God dialog med grunneigarar og andre lokale interesser er heilt sentralt i den vidare prosessen. Vi ynskjer informasjon om korleis området vert brukt i dag, både i landbrukssamanheng, men òg gjennom friluftslivet, og eventuell anna bruk. Denne informasjonen, kombinert med det som er registrert av naturkvalitetar, vil danne grunnlag for forslag til høvelege vernereglar og avgrensing av verneområde.
Planstatus og installasjonar
Området har i dag arealføremålet landbruk-, natur-, og friluftsføremål samt reindrift (LNFR) i gjeldande arealplan. Det er etter grensejusteringa ikkje andre planar innanfor det føreslegne verneområdet.
Konsekvensar av vern
Føremålet med vernet vil vere å ta vare på dei viktige naturkvalitetane. Det vil seie at det ikkje vil vere mogleg med ny utbygging eller aktivitetar som kan skade verneverdiane innanfor området.
Eit vern vil gje forvaltinga betre høve til å støtte opp om tradisjonell landbruksdrift som lyngbrenning og beiting. Med vernestatus vil det vere lettare å få økonomisk støtte og fagleg rettleiing til å halde kystlyngheia og naturbeitemarka i hevd. Økonomisk støtte kan òg omfatte gjerdehald eller andre tema som i praksis er naudsynte for å skjøtta landskapet.
Vern vil òg gjer det lettare for forvaltinga å få finansiering til å gjennomføre tiltak som kanallisering av ferdsle, etablering av klopper og andre tiltak for å redusera tråkkslitasje om det er naudsynt.
Det vart i 2024 utarbeida skjøtselsplan for kystlyngheia på Selbjørn. For å vidareføre kystlyngheiene vil det bli aktuelt å følgje denne planen i forvaltninga av det utvida verneområdet.
Det er eit fåtal bygningar innanfor forslag til verneområdet i Hottvika. Desse vil kunna brukast som vanleg og setjast i stand ved behov.

Erstatning
Grunneigarar og rettshavarar har rett til erstatning frå staten for økonomisk tap når eit vern medfører ei vanskeliggjering av igangverande bruk etter naturmangfaldlova § 50. Grunneigar vil ha ein frist på fire månader etter vernevedtaket til å fremje skriftleg krav om erstatning til Miljødirektoratet jf. naturmangfaldlova § 51. Då er det Miljødirektoratet som har ansvaret for å sørgje for at det vert gjort erstatningsvurdering for grunneigar.
Vidare prosess
Etter at høyringsfristen er ute, vil vi gå gjennom alle innkomne innspel. Basert på innspela vil vi utarbeide eit forslag til verneframlegg, beståande av vernekart og -forskrift. I neste steg i verneprosessen, høyringa, vil desse bli presentert.
Nye tiltak innanfor området
Vi minner avslutningsvis om at ved denne formelle starten av vernearbeid, at det ikkje kan gjevast løyve til tiltak eller tilskot etter anna lovverk som kan få følgjer for verneforslaget jf. naturmangfaldlova § 44.
Frist for uttale er 18. april 2025
Frist for å koma med uttale til denne oppstartsmeldinga er 18. april 2025. Det vil også vere høve til å kome med uttale til høyringa seinare i verneprosessen. Du kan sende uttale digitalt til postmottaket vårt på adressa: sfvlpost@statsforvalteren.no.
Dersom det er ytterlegare spørsmål kan ein ta direkte kontakt med sakshandsamarane direkte på e-post eller telefon.
- Høringsfrist:
- 18. april 2025 23:59
Kontaktpersoner
-
Henriette Bye
Tlf: 57 64 30 08 -
Halvor Røssum
Tlf: 57 64 31 44 -
Solveig Kalvø Roald
Tlf: 55 57 23 27