Høyring av søknad om løyve etter forureiningslova - anleggsarbeid knytt til nytt bygg for Havforskningsinstituttet og Fiskeridirektoratet Dokkeskjærskaien Bergen

Høringsfrist:
7. april 2025 23:00
Utsnitt frå kart som viser plassering av tomtealternativ A2 for nybygg og samlokalisering av Havforskningsinstituttet og Fiskeridirektoratet. Utstrekning (cirka 12 000 m2) av tiltaksområdet (tomten) er markert med raud strek

Statsbygg planlegg etablering av nybygg for Havforskingsinstituttet og Fiskeridirektoratet på gnr/bnr. 164/1 og 164/3, Dokkeskjærskaien i Bergen kommune. Gjennomføringa av tiltaka i tiltaksplanen føreset vedtak med løyving frå Stortinget om gjennomføring av prosjektet, med påfølgjande kjøp av tomt A2.

Søknaden omfattar forslag til handtering av forureina massar og reinsing av byggegropsvatn (tiltaksplan) i samband med gravearbeid for etablering av eit nybygg

Publisert 24.02.2025

Tiltaksplan med risikovurdering er utarbeidd av Rambøll (2025) og byggjer på miljøgeologiske grunnundersøkingar utførte av Multiconsult (2024) og Norconsult (2021). Det planlagde tiltaket inneber ei større masseutskifting for etablering av byggegrop (om lag 6200 m²). Det er planlagt ein vassett spunt rundt gropa og utgraving ned til om lag 6 meter under dagens terreng.

Arealbruken i den komande reguleringsplanen er venta å bli "sentrumsområde, kontor og forretning". Det blir lagt opp til følgjande akseptkriterium for handtering av massar knytt til grunnarbeida.

Gjennomført risikovurdering viser at risikoen knytt til påvist forureining av tungmetall og PAH-forbindelsar er akseptabel med planlagd arealbruk på tiltaksområdet og tilgrensande områdeutvikling, med omsyn til eksponering av menneske og spreiing til miljøet. Dette føreset at alle massar i tilstandsklasse 4 og 5 innanfor byggegropa blir fjerna, og at alle massar i tilstandsklasse 5 utanfor byggegropa blir fjerna. Desse tiltaka vil i svært stor grad fjerne forureining påvist i tilstandsklasse 4 og 5 frå heile tiltaksområdet.

Det er òg føreslått grenseverdiar for utslepp av reinsa anleggsvatn (byggegropsvatn) til sjø.

Offentleg ettersyn

Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida.

Merknader til søknaden kan du sende til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.

Merk saka med referansenummer 2023/18558. Frist for å gje fråsegn er 7. april 2025.

Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn