Søknad om anleggsarbeid i sjø for å forlenge en eksisterande kai på Eldøyna industriområde ved Stord Hamnestell i Stord kommune
- Høringsfrist:
- 3. februar 2025 23:00
Multiconsult søkjer på vegne av Stord kommune, ved Stord Hamnestell om løyve etter forureiningslova til anleggsarbeid i sjø for å forlenge eksisterande industrikai på Eldøyna ved Stord Hamnestell i Stord kommune.
Den eksisterande industrikaien skal forlengast om lag 100 meter i sørleg retning med eit tilsvarande kaikonsept som den eksisterande kaien. Arbeida omfattar utfylling av om lag 28 500 m³ sprengsteinmassar over eit areal på 5 000 m², etablering av 34 pelar i to rader og undervassprenging for utdjuping av sjøbotnen. Det er òg behov for mudring av 350 m³ massar for utdjuping, etablering av erosjonssikring og pelar. Arbeidet er planlagt å starte i mars 2025 med ferdigstilling i februar 2026.
Multiconsult har i den vedlagde søknaden beskrive arbeida, gjort ei risikovurdering av anleggsarbeid ut frå kjende marina naturtypar, og føreslått avbøtande tiltak for å redusere fare for forureining til eit akseptabelt nivå.
Offentleg ettersyn
Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida.
Merknader til søknaden kan du sende til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.
Merk saka med referansenummer 2024/18273. Frist for å gje fråsegn er 3. februar 2025.
Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn.
- Høringsfrist:
- 3. februar 2025 23:00