Høyring av forvaltningsplan for Lurefjorden og Lindåsosane marine verneområde

Høringsfrist:
23. februar 2025 23:59
Vann og små øyer sett fra fugleperspektiv
Etter tre år som marint verneområde kan vi med dette leggje fram forslag til forvaltningsplan for Lurefjorden og Lindåsosane. Planen skal gje ei meir føreseieleg forvaltning av området, både for folk og forvaltningsstyresmakt. Foto: Magnus Johan Steinsvåg.

Lurefjorden og Lindåsosane marine verneområde har behov for ein forvaltningsplan, og vi legg forslag til forvaltningsplan på dette unike området ut på høyring. Vi utvidar fristen til den 23. februar 2025.

Publisert 11.09.2023

Store allmenne interesser og store naturverdiar

Det er mange som ferdast i og langs Lurefjorden og Lindåsosane marine verneområde. Det er spesielle naturverdiar under overflata her som vi ønskjer å ta vare på for framtida. Les meir om dei spesielle naturverdiane i verneområdet ved å trykkje på denne lenkja.  

No legg vi fram eit forslag til forvaltningsplan for dette marine verneområdet. Vi vil bidra til ein open prosess med gode høve til å kome med innspel for alle som ønskjer det. Vi fekk mange innspel til oppstartsmeldinga som vi har prøvd, så langt som det er mogeleg, å innarbeide i framlegget til forvaltningsplan.

Kart med oransje skravering
Kart over Lurefjorden og Lindåsosane marine verneområde i Austrheim og Alver kommunar. Fjordsystemet har eit sterkt økologisk særpreg. Foto: Fylkesatlas (skjermklypp).

Det kan vere aktuelt å arrangere eit ope møte som ein del av høyringa av  forvaltningsplan om det er lokal interesse for det. Det er også aktuelt å ha møte med kommunane.

Ein forvaltningsplan skal vere eit hjelpemiddel

Ein forvaltningsplan skal vere eit hjelpemiddel for å oppretthalde verneformålet og for å fremje verneverdiane. Forvaltningsplanen er utarbeidd innanfor rammene i verneforskrifta og skal fungere som rettleiar for forvaltningsstyresmaktene. Planen skal gje føreseieleg forvaltning for alle som har aktivitet og planlegg tiltak i og rundt verneområdet.

Ein forvaltingsplan er ikkje eit juridisk bindande dokument, men skal avklare handtering av verne- og brukarinteresser i området på bakgrunn av verneforskrifta som gjeld i områda. Verneforskrift og grenser er såleis ikkje tema ved utarbeiding av forvaltningsplanar.

Kunnskapsgrunnlaget er tilfredsstillande, men kan bli endå betre

Arbeidet med forvaltningsplanen har synleggjort kva vi har tilfredsstillande kunnskap om og kva vi kunne hatt endå meir kunnskap om. Utfyllande kunnskap om naturtyper som straumrike område, blautbotnsområde og til dømes tareskogførekomstar manglar, men tiltaksplanen skildrar kva forvaltningsstyresmakta vil kunne prioritere framover. Det var Rådgivende Biologer, på oppdrag frå oss, som skreiv førsteutkastet til forvaltningsplanen.

Ein manet med lange raude tentaklar svømmer mot djupet
Lurefjorden er kjent for førekomsten av kronemaneten Periphylla periphylla. Dette er i utgangspunktet ein djupvassart som har vid utbreiing i verda. Den fann først fram til Lurefjorden på 1970-talet. Sidan har bestanden vakse sterkt, og i dag reknar vi med at det finst 50 000 – 60 000 tonn av arten her. Dette gjer arten svært dominerande i fjorden. Foto: Rådgivende Biologer.

Prosessen vidare fram mot ein endeleg plan

Etter høyringa vil innspel til framlegget bli innarbeidd så langt det er mogeleg, og forvaltningsplanen vil truleg bli godkjend i løpet av kalenderåret. Vi ber om innspel til forvaltningsplanutkastet innan 23. februar 2025.

Send inn innspelet ditt til til Statsforvaltaren i Vestland, sfvlpost@statsforvalteren.no. Ta gjerne kontakt om noko er uklart. Alle som ønskjer det er velkomne til å kome med fråsegn.