Søknad om løyve til utslepp av reinsa tunneldrivevatn frå bygging av Knarrvikatunnelen

Høringsfrist:
28. oktober 2024 23:00
Oversiktskart som viser strekning A6 Knarrvikatunnelen. Raud stiplat linje markerer tunnelområde.

Statens vegvesen søkjer om løyve etter forureiningslova til utslepp av reinsa tunnelvatn frå driving av Knarrvikatunnelen i forbindelse med Rv. 555, Sotrasambandet i Øygarden kommune.

Publisert 18.10.2024

I samband med prosjektet Sotrasambandet og bygging av Knarrvikatunnelen er det behov for utslepp av reinsa tunnel- og anleggsvatn. Knarrvikatunnelen vil vere ca. 740 m lang og vil bestå av to parallelle tunnelløp, eitt tunnelløp per køyreretning. Tunnelen skal byggjast frå Liljevatnet i Knarrvika i aust, gjennom Burvikfjellet, og til Arefjordpollen i vest. 

Tunnelvatn/anleggsvatn omfattar vatn frå boring og sprenging av tunnel, og vatn som lekker inn i tunnelen frå kringliggande berg.  Alt tunnelvatn skal reinsast før utslepp til resipient. Utslepp av reinsa vatn frå driving av Knarrvikatunnelen er planlagd ført til sjø via nyleg etablert overvassleidning som munnar ut i Knarrvika.

Oppstart av tunneldriving med utslepp av tunneldrivevatn er planlagd til april/mai 2025. Planlagt gjennomslag er i desember 2025. Knarrvikatunnelen skal vera ferdig omtrent oktober 2026.

Offentleg ettersyn

Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida.

Merknader til søknaden kan du sende til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.

Merk saka med referansenummer 2022/16835. Frist for å gje fråsegn er 28. oktober 2024.

Alle fråsegner vert registrert i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn. 

Høringsfrist:
28. oktober 2024 23:00