Høyring av frivillig skogvern i Folkedal og Haukanes i Voss herad

Høringsfrist:
21. oktober 2024 23:00
Stort gamalt lindetre.
Gamal styva lindetre er det fleire av i utvidingsområdet. Mykje av edellauvskogen utgjer utforminga alm-lindeskog. Foto: Rådgivende Biologer.

Vi sender på høyring utviding av Folkedal naturreservat langs Granvinsfjorden i Voss herad. Vernet vil sikra over 700 dekar viktig og variert edellauvskog med mange trua artar. Frist for uttale er 21. oktober.

Publisert 16.08.2024

Etter dialog med grunneigarane og AT Skog melder vi formell oppstart av frivillig skogvern Folkedal og Haukanes i Voss herad. Arealet gjeld utviding av Folkedal naturreservat frå om lag 184 dekar til 891 dekar.

Føremålet med dette brevet er å informere om prosessen som no startar opp etter naturmangfaldlova, og for å innleie til medverknad og innspel frå aktuelle partar.

Språkrådet tilrådde i sin uttale i lppstartsmeldinga å endra namn på reservatet, frå «Folkedal og Haukanes naturreservat» til Granvinsfjorden naturreservat. Vi er samd i den vurderinga og brukar vi no Granvinsfjorden naturreservat som namn på verneområdet.

I gjeldande kommuneplan har området føremålet landbruk, natur- og friluftsføremål (LNFR). Det er også satt av areal som vegformål for Hardangervegen (Fylkesveg 79) som går i tunell under mindre delar av aktuelt verneareal.

Viktige naturkvalitetar

Det aktuelle utvidingsområdet omfattar lia nordaustover langs Granvinsfjorden og inkluderer fleire naturtypelokalitetar. Kartleggar skildrar området som veldig variert med stort mangfald av treslag. Edellauvskog dekkjer eit stort areal og naturtypen frisk lågurtedellauvskog (NT) og haustingsskog inngår. Fattig furu-eikeskog står på meir grunnlendt mark. I rasmark er det ein god del død ved i varierande dimensjon og nedbrytingsgrad. Død ved finst også i brattare og høgareliggande delar av området. Det finst også nokre hole eiker av svært store dimensjonar. Det er eit særleg høgt potensiale for raudlisteartar knytt til gamle edellauvtre og død ved.

Utviding av Folkedal naturreservat med dette arealet vil bidra til å dekke manglar i skogvernet for naturtypen gamal blandingslauvskog, eikedominert skog, alm-lindeskog, hasselkratt og noko skog på høg bonitet. Verneområdet vil omfatte ei søraustvendt fjordli på over 3 km. Føremålet med naturreservatet vil vere å ta vare på denne trua, sjeldne og sårbare naturen jf naturmangfaldlova § 37 a og b.

Kvifor vern av skog?

Artsdatabanken, den nasjonale kunnskapsinstitusjonen for naturmangfald, reknar med at om lag 60 prosent av alle artane på fastlandet i Noreg har skog som levestad. Totalt 90 prosent av dei truga raudlisteartane vert negativt påverka av menneskelege arealendringar. Inngrep som følgje av utbygging og skogbruk er blant dei viktigaste faktorane. Å ta vare på mest mogleg intakte økosystem i skog er blant dei viktigaste tiltaka vi kan gjere for å ta vare på vestlandsnaturen for framtida.

Gamalt tre i nedbryting. Er viktig levestad for svært mange artar.
Det er ein god del død ved av ulike storleik og nedbrytingsgrad i området. Det er levestad for mange artar som er heilt avhengige av døde tre. Døde tre er eit svært viktig element i naturleg skog. Foto: Rådgivende Biologer.

Mål om 10 prosent vern av skogen i Vestland

Det er eit nasjonalt mål å redusere tap av naturmangfald, og som eit ledd i dette har regjeringa ei langsiktig målsetjing om at 10 prosent av skogen i Norge skal bli verna. Med berre tre prosent av skogen verna, er vi enno langt unna dette målet i Vestland.

Ordninga frivillig skogvern er eit vern der staten er heilt avhengig av at grunneigaren sjølv ønskjer dette. Ved vernevedtak har grunneigarane akseptert det økonomiske tilbodet frå staten. Frivillig skogvern har fått ei styrka økonomisk ramme i 2024 og ordninga vil vere viktig for å sikra viktig skognatur i åra som kjem.

Kva betyr det at eit område vert verna?

For å ta vare på store og sårbare naturkvalitetar i eit område er det nødvendig med ei verneform som sikrar mot inngrep. Det er difor ønskjeleg å verne om områda som naturreservat etter naturmangfaldlova § 37. Ei slik verneform vil i utgangspunktet forby aktivitetar og nye anlegg som kan skade verneverdiane i naturreservatet. Vernet vil òg føre til visse restriksjonar på bruk av området, både når det gjeld hogst og andre inngrep.

Grunneigar vil framleis ha rett til jakt, fangst og fiske der det er aktuelt og ålmenta vil framleis kunne plukke matsopp og bær. Turstiar som er i området skal òg kunne haldast ved like. I utkastet til verneforskrift som ligg ved dette dokumentet kan ein lese meir om vernereglane.

Det kom inn seks innspel til oppstartsmeldinga for vernearbeidet og desse er svart ut i høyringsdokumentet.

Innspel og vidare framdrift

Det er ønskjeleg med innspel på verneforslaget slik at prosessen og tema kan verta så opplyst som mogleg. Når innspel til denne høyringa er vurdert, vil Statsforvaltaren ta endeleg stilling i vår tilråding av vern til Miljødirektoratet.

Du kan også sende innspel med brev til Statsforvaltaren ved miljøavdelinga, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger, eller per e-post til sfvlpost@statsforvalteren.no. Vi har også ei eiga temaside om frivillig skogvern med generell informasjon om ordninga.

Frist for å kome med innspel er 21. oktober 2024

I adresselista har vi forsøkt å få med alle dei aktuelle høyringspartane vi veit om. Dersom de finn feil eller veit om fleire partar som de meiner burde ha fått brevet ber vi om tilbakemelding om dette.