Søknad om utfylling i sjø - etablering sjøpromenade Eidfjord sentrum
- Høringsfrist:
- 16. september 2024 23:00
Eidfjord kommune søkjer om løyve etter forureiningslova til utfylling i sjø for å etablere eit nytt torg, forlenging av eksisterande kai og ny sjøpromenade i Eidfjord sentrum.
Anleggsarbeida omfattar utfylling i sjø med eit areal på 298 m2 . Prosjektet skal i tillegg fjerne ei eksisterande fylling, som utgjer 74 m2. I vedlagt søknad har Eidfjord kommune risikovurdert arbeida og føreslått ulike avbøtande tiltak for å redusere fare for forureining frå anleggsarbeida. Det er planlagt oppstart av arbeidet hausten 2024, sannsynlegvis oktober.
Offentleg ettersyn
Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida.
Merknader til søknaden kan du sende til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.
Merk saka med referansenummer 2024/11173. Frist for å gje fråsegn er 16. september 2024.
Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn
- Høringsfrist:
- 16. september 2024 23:00