Ragn-Sells AS avd. Voss på Bjørkemoen søkjer om nytt løyve

Høringsfrist:
6. september 2024 23:59

Ragn-Sells AS tek imot og miljøsanerer kasserte køyretøy. Eksisterande løyve for anlegget på Bjørkemoen er utdatert, og verksemda søkjer om nytt løyve. 

Publisert 10.07.2024

Ragn-Sells AS ønskjer halde fram med mottak og miljøsanering av kasserte køyretøy på Bjørkemoen på Voss. 

Den 29. april 2024 mottok vi oppdatert miljøprogram frå verksemda. Vi legg no søknaden ut på høyring med høyringsfrist 6. september 2024. 

Offentleg ettersyn

Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida.

Merknader til søknaden kan du sende til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.

Merk saka med referansenummer 2019/8018. Frist for å gje fråsegn er 6. september 2024.

Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn. 

Høringsfrist:
6. september 2024 23:59