Søknad om løyve etter forureiningslova for anleggsarbeid i sjø - Nøstet Sjøfront AS i Bergen kommune

Høringsfrist:
19. august 2024 23:00

Nøstet sjøfront AS søkjer om løyve etter forureiningslova for anleggsarbeider i sjø ved eigedomane gnr./bnr. 165/1193, 165/581 m fl. på Nøstet i Bergen kommune.

Publisert 04.07.2024

Ein gamal hop skal gjenopnast med mudring, ein gamal slipp skal fyllast igjen og det skal pelast i sjø for etablering av strandpromenade og kai. Dette er i samsvar med reguleringsplan for området.  I følgje planen skal området transformerast frå næring og kontor til eit by- og bustadsområde.   

Multiconsult har i vedlagte rapport vurdert påverknad på fiskeriinteresser, naturmangfald, kulturminner og øvrige interesser som kan bli negativt påvirka av anleggstiltaka. 

Multiconsult har foreslått avbøtende tiltak basert på ei risikovurdering av anleggsarbeida. Hovudtiltaka er bruk av siltgardin, kombinert med turbiditetsmålingar og sluttkontroll.

Offentleg ettersyn

Søknad om løyve og høyringsbrev finn du til høgre på denne nettsida.

Statsforvaltaren gav 28. februar 2024 løyve til utfylling i sjø i same område og det løyvet ligg også ved  

Merknader til søknaden kan du sende til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.

Merk saka med referansenummer 2023/16010. Frist for å gje fråsegn er 19. august 2024.

Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn