Søknad om undervassprenging - auka seglingsdjupne Kyrkjenes tømmerkai - Ullensvang

Høringsfrist:
1. juli 2024 23:00

Indre Hardanger Skogeigarlag søkjer om løyve etter forureiningslova for anleggsarbeid i sjø. Formålet er å auke seglingsdjupne ved eksisterande tømmarkai på Kyrkjenes gnr./bnr. 251/20 i Ullensvang kommune

Publisert 03.06.2024

Tiltaket omfattar undervassprenging av ca. 325 m3 fjell og omplassering av massane på djupare vatn rett utanfor.

Norconsult har risikovurdert tiltaket i vedlagte søknad og føreslår kontrollert sprengning (fordemming, forseinka tenning mm) samt at arbeida vert utførd i september for å unngå gyteperiode for torsk utanom skallskifteperioden for hummar. Dette fordi fredningsområde for hummar og lokalt viktig gytefelt ligg i nærleiken av tiltaksområdet.  Det vert anteke at sjølve boringa er utført i løpet av 1 arbeidsdag, medan sprenging og massehandtering truleg vert utført i løpet av ei veke.

Offentleg ettersyn

Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida.

Merknader til søknaden kan du sende til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.

Merk saka med referansenummer 2024/4735. Frist for å gje fråsegn er 1. juli 2024.

Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn

Høringsfrist:
1. juli 2024 23:00