Søknad om utfylling i sjø - Svanøy Havbruk i Kinn

Høringsfrist:
19. juni 2024 23:00
Illustrasjon av planlagd utfylling

Svanøy Havbruk søkjer om løyve etter forureiningslova for utfylling i sjø på gnr/bnr 117/42 i Svanøybukta i Kinn kommune. Formålet er å vinne nytt landareal. 

Publisert 21.05.2024

Ei utfylling med ca. 2 500 m3 utfyllingsmassar over eit sjøbotnareal på ca. 850 m2 vil gje ei utviding av landareal på ca. 420 m2.

Sjøbotn er undersøkt av Åkerblå og sedimenta er lettare forureina med ulike miljøgifter.

Utfylling skal skje utanfor gytetid for gyteområdet for kysttorsk (1. januar – 30. april) og eksisterande sjøbotn skal dekkast med duk og utfyllinga skal skje bak siltgardin. Utfyllingsmassar er sprengstein frå eige område og utfylling skjer frå land.

Offentleg ettersyn

Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida.

Merknader til søknaden kan du sende til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.

Merk saka med referansenummer 2023/17326. Frist for å gje fråsegn er 19. juni 2024.

Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn

Høringsfrist:
19. juni 2024 23:00