Søknad om utfylling i sjø, Kystbyen AS i Kinn kommune

Høringsfrist:
14. mai 2024 23:00
Bilete viser planlagd utfylling, kjelde iVest Consult

Kystbyen AS søkjer om løyve til utfylling av ca. 100 000 m3 massar i område B8 – B9, Stranda i Kinn kommune. 

Publisert 17.04.2024

Føremålet er opparbeiding av nytt landareal for nytt bustadområdet og bygging av framtidig molo som skal verne området for vær og vind.

Massane som skal nyttast kjem frå Kystverkets prosjekt med utdjuping av innseglinga til Florø hamn. Massane vil bli levert på lekter, og lagt ut i sjøen med gravemaskin

Offentleg ettersyn

Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida.

Merknader til søknaden kan du sende til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.

Merk saka med referansenummer 2024/5810. Frist for å gje fråsegn er 14. mai 2024.

Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn.