Søknad om løyve til utslepp av reinsa tunneldrivevatn frå renovering av Fv 50 Vassbygdtunnelen i Aurland
- Høringsfrist:
- 16. mai 2024 23:00
Vestland fylkeskommune søkjer om løyve etter forureiningslova til utslepp av reinsa tunneldrivevatn frå arbeida med å renovera Fv. 50 Vassbygdtunnelen i Aurland kommune.
Vestland fylkeskommune skal oppgradere Fv. 50 Vassbygdtunnelen. Arbeida omfattar mellom anna utsprenging av 3 700 faste m3 og rensing av tunnelvatnet før det blir sleppt ut i Vassbygdevannet. Utslepp av tunnelvatn er estimert å vare i 6 månader. Endelige detaljar for storleik og plassering av renseanlegg mm blir fastsett etter at entreprenør er kontrahert. Det vert òg søkt om bruk av midlertidig deponi for overskotsmassar på nedsida av E16 mot Aurlandselvi Gbnr. 30/1 . Eit deponiområde som ifølgje søknaden òg skal brukast av Statens vegvesen i samanheng med planlagd oppussing av Lærdalstunnelen. Sweco har risikovurdert arbeida og føreslått avbøtande tiltak for å redusere faren for forureining frå anleggsarbeida, som er beskrivne i vedlagde søknad.
Offentleg ettersyn
Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida.
Merknader til søknaden kan du sende til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.
Merk saka med referansenummer 2023/16447. Frist for å gje fråsegn er 16. mai 2024.
Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn.
- Høringsfrist:
- 16. mai 2024 23:00
Kontaktpersoner
-
Magne Nesse
Tlf: 55 57 23 35