Ragn Sells søkjer om endring av løyvet til avfallsanlegget på Eldøyane
- Høringsfrist:
- 21. mai 2024 23:59
Ragn Sells AS avdeling Sunnhordland har søkt Statsforvaltaren i Vestland om endring av løyve etter forureiningslova for anlegget på Eldøyane, Stord.
Publisert 18.04.2024
Søknaden gjeld auka ramme for årleg mottak og samtidig lagring av farleg avfall, og auke i ramme for mottak av ordinært avfall.
Lenke til søknadsdokumentet finn du på høgresida på denne nettsida og på www.norskeutslipp.no.
Dersom de har merknader til søknaden, ber vi om at dei vert sendt innan 21.5.2024 til e-post sfvlpost@statsforvalteren.no, eller til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.
- Høringsfrist:
- 21. mai 2024 23:59