Vi startar prosess med frivillig skogvern i Eimhjellen i Gloppen kommune
- Høringsfrist:
- 15. april 2024 23:59
Etter dialog med grunneigarane melder vi formell oppstart av skogvernprosess for Eimhjellen naturreservat i Gloppen kommune. Området husar viktig regnskog med sterkt truga artar og har nasjonal verdi. Du er velkommen til å sende innspel til oppstartsmeldinga innan 15. april 2024.
Etter dialog med grunneigar og AT Skog melder vi formell oppstart av skogvernprosess ved Eimhjellen i Gloppen kommune i Vestland. Vi ønskjer med dette å informere om prosessen som no startar opp etter naturmangfaldlova, og for å innleie til medverknad og innspel frå aktuelle partar.
Kor finn vi Eimhjellen?
Eimhjellen er ei bygd mellom Hyen og Eikefjord, sør i Nordfjord i Vestland fylke. Tidlegare kartleggingar og omtale av området i skogvernsamanheng har ofte brukt nemninga Endestadnipa-Storfjorden. Eit anna namn på Storfjorden er Eimhjellevatnet. Både landskapsvernområdet Ålfotbreen og Naustdal-Gjengedal ligg i nærleiken, og naturreservata Brandatjørna og Bogane ligg heller ikkje langt unna.
Tilbodsområdet vi set i gang verneprosess på gjeld gards- og bruksnummer 24/1, 24/2, 24/3, 24/4, 24/5, 24/6, 24/7, 24/8, 2411, 24/12, 24/14 og 24/15 i Gloppen kommune. Eigedomane er eigd av private grunneigarar. Det kan kome endringar i arealet og arronderinga i løpet av verneprosessen.
Vi startar verneprosess på eit område som er 6072 dekar stort. Sjå kart til høgre i denne artikkelen.
Nye artar for vitskapen er oppdaga i skogane ved Eimhjellen
Feltarbeidet som ligg til grunn for rapporten over området ble gjennomført av Geir Gaarder, Helge Fjelstad og Ulrike Hanssen i samband med prosjekt Kystfuruskog i 2015. Kartlegginga var utført på oppdrag frå Miljødirektoratet, les meir ved å følgje denne lenkja. Området har også vore undersøkt tidlegare. Vi har vurdert at det ikkje var naudsynt med nye supplerande kartleggingar etter å ha motteke tilbodet om areal til skogvern fordi vi vurderer at kunnskapsgrunnlaget er godt nok til å vurdere området som verneverdig.
Nye artar er oppdaga for vitskapen i dette området, som til dømes nipdraugmosen (EN, sterkt truga på den norske raudlista), som vart oppdaga og skildra første gang her av E. Jørgensen i 1902. Huldrestry (i same nabolag, i Brandatjørna naturreservat) vart oppdaga ny for Vestlandet av Kavli i 1970.
Regnskog og svært sjeldne artar trivst i Eimhjellen
Tilbodsområdet Eimhjellen er lokalisert i ei nordvendt li som strekk seg frå Krokstadvatnet over Lonene og langs Storfjorden/Endestadvatnet i det sørvestlege hjørnet av Gloppen kommune. Det er eit stort og samanhengande areal i sørboreal og mellomboreal sone, plassert i sterk oseanisk seksjon. Berggrunnen består av næringsrike berg som metasandstein og glimmerskifer, og eit belte av fylitt. Området er eksponert for vind og vêr, og det renner fleire bekker og elver i lisida.
Eimhjellen dekker god variasjon skog med både furu, boreal lauvskog som bjørk og osp, samt varmekjære treslag som eik og alm med god aldersvariasjon. Gjennomgåande har området fleirsjikta eldre skog, det er stadvis storvaksen og grov skog, samt område med gadd og lægder. Området er i stor grad urørt. Sjølv om det er fattig furuskog som dominerer er det også lauvskog, med både boreal utforming og enkelte bestandar av varmekjære treslag av eik og alm, særleg i austre delar av kartleggingsområdet.
Eimhjellen dekker både raudlista artar og raudlista naturtypar. Det er store areal av boreal regnskog med furu, samt fattig boreonemoral regnskog i dei nedre delar av lisidene. Også rik og gamal edellauvskog er registrert innanfor oppstartsarealet som t.d. gamal almeskog. Innanfor tilbodsområdet er det registrert 13 ulike raudlista artar, mellom andre nipdraugmose (EN) og kystkantlav (EN). Nipdraugmose (du kan lese meir ved å følgje denne lenkja) har både nasjonal og internasjonal interesse, og andre artar er regionalt sjeldne. Det er eit klart potensial for å finne fleire krevjande og raudlista artar.
Skogen ved Eimhjellen skårar høgt og er nasjonalt verdifull
Med bakgrunn i mangelanalyser i skogvernet skårar Eimhjellen høgt på dekning av regnskogsmiljø, i tillegg til at området inkluderer andre kvalitetar knytt til kystnære skogmiljø og edellauvskog. Området dekker også manglar i skogvernet ved at over halve arealet har høg eller særs høg bonitet. Eimhjellen er samanhengande, lågtliggjande og stort. Området er del av eit større areal som også går inn i Kinn kommune som vart vurdert som eit seks-stjerners område i kystfuruskogskartlegginga i 2015. Vi vurderer området til å vere nasjonalt svært verdifullt og viktig å prioritere til vern.
Sjå lenkjer til kartleggingar og omtale av naturmangfaldet til høgre i denne artikkelen.
Mål om 10 prosent vern av skogen i Vestland
Det er ei nasjonal målsetjing å redusere tapet av naturmangfald, og som eit ledd i dette har regjeringa ei langsiktig målsetjing om at om lag 10 prosent av skogen i Norge skal bli verna. Med litt over 3 prosent av skogen i fylket verna til no, er vi enno langt unna dette målet i Vestland. Med eit vern av skogen ved Eimhjellen vil vi komme litt nærmare målet om å ta betre vare på sjeldne og truga artar og naturtypar i fylket.
Kva betyr det at eit område vert verna?
For å ta vare på store og sårbare naturkvalitetar i eit område er det nødvendig med ei verneform som sikrar mot inngrep. Det er difor ønskjeleg å verne Eimhjellen som naturreservat. Ei slik verneform vil i utgangspunktet forby aktivitetar og nye anlegg som kan skade verneverdiane i naturreservatet. Vernet vil føre til restriksjonar på bruk av området når det gjeld hogst og andre inngrep.
Grunneigar vil ha rett til jakt og fangst, og ålmenta vil kunne nytte området til friluftsliv, plukke matsopp og bær. Kulturminne kan bli restaurert og ivareteke i samråd med kulturminnemynde.
Delar av området er i bruk som beiteområde for storfe i dag, det kan også vere hest på beite, og det er hjort i området. I løpet av verneprosessen vil vi, i vernekartet, leggje inn markerte stiar som er i bruk til friluftsliv.
Innspel og vidare framdrift
Det er ønskjeleg med innspel på verneforslaget slik at prosessen og tema kan bli så opplyst som mogleg. Når innspel til denne oppstartsmeldinga er vurdert, vil vi sende eit meir detaljert forslag til vern på høyring.
Send innspel til oppstartsmeldinga med brev til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger, eller per e-post til sfvlpost@statsforvaltaren.no innan 15. april 2024.
For oppstartsbrev med adresseliste, utkast til vernekart og meir bakgrunnsinformasjon, sjå ramma til høgre i denne saka.
- Høringsfrist:
- 15. april 2024 23:59