Søknad om løyve til utslepp av reinsa tunneldrivevatn frå bygging av Straumetunnelen
- Høringsfrist:
- 26. april 2024 23:59
Statens vegvesen søkjer om løyve etter forureiningslova til utslepp av reinsa tunnelvatn frå driving av Straumetunnelen i samband med Rv. 555, Sotrasambandet i Øygarden kommune.
I samband med prosjektet Sotrasambandet og bygging av Straumetunnelen er det behov for utslepp av reinsa tunnel- og anleggsvatn. Straumetunnelen vil bestå av to parallelle enkeltrøyrs tunnelar. Den vestgåande tunnelen har ein total lengde på 838,50 meter, den austgåande tunnelen har en total lengde på 858 meter.
Tunnelvatn/anleggsvatn omfattar vatn frå boring og sprenging av tunnel, og vatn som lekker inn i tunnelen frå kringliggande berg. Alt tunnelvatn skal reinsast før utslepp til resipient. Det er vurdert to moglege utsleppspunkt – utslepp direkte til elva Lille-Sotra som renner ut i sjø ved Stekervika i Arefjorden, alternativt skal vatnet sleppast direkte til sjø i Stekervika etter reinsing.
Start av arbeidet er planlagt i mai 2024. Driftsperioden er estimert til ca. 40 veker.
Offentleg ettersyn
Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida.
Merknader til søknaden kan du sende til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.
Merk saka med referansenummer 2022/16835. Frist for å gje fråsegn er 26. april 2024.
Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn.
- Høringsfrist:
- 26. april 2024 23:59