Fana Stein og Gjenvinning AS (FSG) søkjer om endring av løyve og etablering av jordvaskeanlegg

Høringsfrist:
12. mai 2023 23:59

FSG i Rådalen i Bergen søkjer om endring av eksisterande løyve og etablering av jordvaskeanlegg for vasking av forureina massar

Publisert 11.04.2023

Eksisterande løyve

Sidan 2001 har FSG motteke, mellomlagra og behandla forureina massar i Rådalen og har eige løyve til dette. Søknad gjeld endring av dette løyvet.

Jordvaskeanlegg

FSG søkjer om å etablere eit vaskeanlegg for forureina massar, som vaskar ut finstoff med forureining. Større fraksjonar kan då bli gjenbrukt til nyttige formål og mengda som må deponerast i deponiet i Stendafjellet blir mindre. Aktiviteten er planlagt der mottaket av forureina massar skjer i dag og nabotomta (sjå kart over). All aktivitet skal skje under tak bortsett frå lagring av ferdig vaska massar.

Prosessvatnet frå vaskeanlegget vil samlast opp og bli gjenbrukt i anlegget.
FSG søkjer om å sleppe ut følgjande til vatn:

    1. Til kommunal spillvassleidning:

  • Avrenningsvatn frå vaske- og spyleplass for kjøretøy og anleggsmaskiner
  • Forureina vatn ved nedstenging og vedlikehald
  • Avrenning frå fuktige forureina massar

FSG søkjer om utsleppgrenser tilsvarande Bergen kommune sitt sanitærreglement.  

  1. Til overvassleidning:
  • Takvatn
  • Overvatn frå lagringsområda på Nettplassen Nord der massar som er vaska ligg lagra. FSG søkjer om ei utsleppsgrense på 50 mg/l suspendert stoff for dette vatnet.

Det er utarbeidd ein støyrapport som ein del av søknaden. Berekningar viser at ingen eksisterande bustader vil bli utsett for støy over grenseverdi. Planlagde bustader med adresse Råvarden 270-309 er ikkje vurdert, men støykartet viser korleis utbreiinga av støy vil vere.  

Vaskeanlegget er planlagt etablert der eit delområde er oppå deponiet, medan andre delar er i randsona. I konstruksjonen av bygget og fundamenteringa må FSG difor ta omsyn til dette. Det er utarbeidd ein rapport som gjeld gasshandtering som ein del av søknaden.

Offentleg ettersyn

Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida. Merknader til søknaden kan du sende til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger. Merk saka med referansenummer 2019/12290. Frist for å gje fråsegn er 12. mai 2023.

Høringsfrist:
12. mai 2023 23:59