Peab Asfalt Norge AS søkjer om løyve etter forureiningslova
- Høringsfrist:
- 13. februar 2023 23:59
Asfaltverket i Sotra/Knarrevik i Øygarden kommune skal regulerast etter særskilt løyve etter forureiningslova. Verksemda har søkt om løyve for drift av asfaltfabrikk og mottak av returasfalt.
Asfaltverket er no regulert av krav i kapittel 24 i forureiningsforskrifta. Statsforvaltaren har vedteke at bedrifta skal regulerast etter særskilt utsleppsløyve etter forureiningslova.
Bedrifta søkjer om å halde fram som dei gjer i dag, og at dei får løyve til å ta imot og behandle returasfalt for bruk i ordinær produksjon etter gjenvinning.
Offentleg innsyn
Lenke til søknadsdokumenta finn du på høgre sida på denne nettsida.
Merknader til søknaden
Merknad til søknaden kan sendast til Statsforvaltaren i Vestland, Statens hus, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger, eller som e-post til sfvlpost@statsforvalteren.no innan 13.2.2023.
- Høringsfrist:
- 13. februar 2023 23:59