Atracco Tromsø AS søkjer om løyve etter forureiningslova

Høringsfrist:
15. februar 2023 23:59

Atracco Tromsø AS søkjer om løyve etter forureiningslova til å etablere eit behandlingsanlegg for kasserte køyretøy på Ågotnes i Øygarden kommune.

 

Publisert 25.01.2023

Om tiltaket

Verksemda søker om å kunna ta imot inntil 1500 køyretøy årleg. I tillegg til å miljøsanere køyretøya vil det bli plukka delar for sal til verkstader og privatpersonar. All behandling av avfall skal føregå innandørs.

Offentleg innsyn

Lenke til søknadsdokumenta finn du på høgre sida på denne nettsida.

Merknader til søknaden

Alle som vert vesentleg ròka av miljøpåverknader frå anlegget, eller andre som tek i vare ålmenne interesser her som saka gjeld, kan sende merknad til søknaden til Statsforvaltaren i Vestland. Merknad kan sendast i brev til Statsforvaltaren i Vestland, Statens hus, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger, eller som e-post til sfvlpost@statsforvalteren.no innan 15 februar 2023. Merk saka med saksnummer 2023/1075.

Høringsfrist:
15. februar 2023 23:59