Bergen Bildemontering søkjer om løyve til å etablere anlegg for kasserte kjøretøy på Ågotnes
- Høringsfrist:
- 20. januar 2023 23:59
Bergen Bildemontering AS søkjer om løyve etter forureiningslova til å etablere eit behandlingsanlegg for kasserte køyretøy på Ågotnes i Øygarden kommune. Anlegget er planlagt etablert i Bleivassvegen 80.
Om tiltaket
Verksemda søkjer om å kunne ta imot inntil 1500 køyretøy årleg. I tillegg til å miljøsanere køyretøya vil det bli plukka delar for sal til verkstader og privatpersonar. Verksemda estimerer at det vil bli levert ca. 7 køyretøy per dag.
Offentleg ettersyn
Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida.
Merknader til søknaden kan du sende til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.
Merk saka med referansenummer 2022/15492. Frist for å gje uttale er 20. januar 2023.
Alle uttaler blir registrerte i vår postjournal. Alle må derfor skrive under med fullt namn.
- Høringsfrist:
- 20. januar 2023 23:59