Hardanger Sand AS søkjer om løyve etter forureiningslova
- Høringsfrist:
- 18. desember 2022 23:59
Hardanger Sand AS søkjer om utsleppsløyve etter forureiningslova for å behandle avfall i Simadal næringspark, gbnr. 28/9, i Eidfjord kommune.
Publisert 23.11.2022
Aktivitet
Hardanger Sand AS søkjer løyve til å lagre, knuse og laste om inntil 3000 tonn returasfalt årleg.
Offentleg innsyn
Lenke til søknadsdokumenta finn du på høgre sida på denne nettsida.
Merknader til søknaden
Alle som vert vesentleg råka av miljøpåverknader frå anlegget, eller andre som tek i vare ålmenne interesser her som saka gjeld, kan sende merknad til søknaden til Statsforvaltaren i Vestland. Merknad kan sendast i brev til Statsforvaltaren i Vestland, Statens hus, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger, eller som e-post til sfvlpost@statsforvalteren.no innan 18. desember 2022. Merk saka med saksnummer 2022/15818.
- Høringsfrist:
- 18. desember 2022 23:59