Søknad om mellombels utsleppsløyve for tørking av avløpsslam
- Høringsfrist:
- 11. november 2022 23:59
Hellenes AS søkjer om løyve etter forureiningslova for tørking av avløpsslam ved Øyrane i Førde, Sunnfjord kommune.
Om saka
Hellenes AS ønskjer å etablere eit pilotanlegg for tørking av avløpsslam ved sitt industrianlegg i Øyrane i Førde i Sunnfjord kommune. Pilotprosjektet skal teste Hellenes Bio TTU («Thermal Treatment Unit») sin tørketeknologi på tørking av avløpsslam frå Øyrane reinseanlegg. Etter tørking skal slammet transporterast vidare til Sløvåg for kompostering på same måte som anna slam frå Øyrane reinseanlegg.
Mengda slam som skal behandlast ved anlegget er venta å ligge på mellom 7 til 15 tonn i veka og vil medføre drift på anlegget 1 til 2 dagar i veka.
Pilotprosjektet skal setjast i gang hausten 2022 og avsluttast innan utgangen av 2023.
Offentleg ettersyn
Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida.
Merknader til søknaden kan du sende på e-post til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller per post til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger. Merk saka med referansenummer 2022/7277. Frist for å gje fråsegn er 11. november 2022.
Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn.
- Høringsfrist:
- 11. november 2022 23:59
Kontaktpersoner
-
Anette Heggøy
Tlf: 55 57 23 05 / 55 57 23 05