Envir AS søkjer om løyve til varmebehandling av jord
- Høringsfrist:
- 22. november 2022 23:59
Envir AS har tidsavgrensa løyve til varmebehandling av jord med framande skadelege artar som går ut 31. desember 2022. Verksemda søkjer no om permanent løyve til aktiviteten i Simonsviken næringspark på Laksevåg i Bergen kommune. Varmebehandling av jord er noko anna enn jordvaskeanlegg som verksemda har søkt om tidlegare i år.
Eksisterande løyve
Envir AS har i dag løyve etter forureiningslova til å ta imot, sortere, lagre og skipe ut 50 000 tonn forureina massar. I tillegg har verksemda eit tidsavgrensa løyve til varmebehandling av jord med framande artar til og med 31. desember 2022. Det tidsavgrensa løyvet vart gitt første gang 27. juni 2019 i samband med forsking og utprøving av Envir AS sin metode for sanering av biologisk forureina jord, slik at jorda kan brukast om igjen som ein ressurs og ikkje må leverast på deponi.
Varmebehandlingsanlegg
Verksemda søkjer om å få permanent løyve etter forureiningslova til varmebehandling av jord med innhald av framande artar. Mengdene med jord som skal til behandling inngår i mengdene som er gitt i løyvet. Dette gjeld både mengder i løpet av eit år, mengder på lager og lagringstid.
Verksemda har opplyst at all behandling av jord går føre seg innandørs der massar både før og etter behandling blir lagra på tett dekke og at det ikkje er utslepp til grunn eller resipient. Jorda blir behandla med vassdamp og det blir ikkje tilsett kjemikal i behandlinga.
Verksemda har frå før ein søknad til behandling hos oss
Verksemda har også søknad om etablering av jordvaskeanlegg og auka mengder til behandling hos Statsforvaltaren. Vi vil påpeike at dei to søknadane gjeld ulike aktivitetar. Informasjon om den andre saka finn du her.
Sakene vil bli behandla kvar for seg. Samla belastning av dei omsøkte aktivitetane vil vere ein del av vurderinga vår ved behandling av sakene.
Offentleg ettersyn
Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida.
Merknader til søknaden kan du sende til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.
Merk saka med referansenummer 2021/2923. Frist for å gje fråsegn er 22. november 2022.
Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn.
- Høringsfrist:
- 22. november 2022 23:59