Statens vegvesen søkjer om løyve til utslepp frå driving av Drotningsviktunnelen
- Høringsfrist:
- 21. oktober 2022 23:00
Denne høyringa omfattar søknad om løyve etter forureiningslova til utslepp frå driving av tunellar i samband med ny fylkesveg 555 i Sotrasambandet. Utsleppet kjem frå driving av Drotningsviktunnelen i Bergen kommune, og to tilkomsttunnelar.
Om Sotrasambandet
Sotrasambandet er delt opp i 11 delstrekk (A1 til A11) og omfattar ca. 9,4 km firefeltsveg frå Storavatnet i Bergen kommune til Kolltveit i Øygarden kommune. Ca. 4,6 km av prosjektet går i tunnel, fordelt på fire tunnelar; A2 Kolltveittunnelen, A4 Straumetunnelen, A6 Knarrvikatunnelen og A10 Drotningsviktunnelen. Prosjektet inkluderer ei ny firefelts bru på ca. 900 m (A8), med separat gang og sykkelveg. Også tre mindre bruer inngår i prosjektet (over Bildøystraumen, Straumssundet og Arefjordpollen). Anleggsarbeida startar hausten 2022 og prosjektet skal opne for trafikk i 2027, med byggjetid fem år.
Om løyve etter forureiningslova til mellombels anleggsverksemd
Løyve etter forureiningslova til utslepp frå mellombels anleggsverksemd vil mellom anna regulere
- korleis anleggsarbeidet skal utførast,
- kva avbøtande tiltak som skal nyttast og
- korleis overvaking skal utførast slik at fare for forureining og negativ påverknad på omkringliggjande interesser blir redusert til ein akseptabel risiko.
Statens vegvesen skal søke om fleire løyve etter forureiningslova i samband med bygging av Sotrasambandet
Denne høyringa omfatter søknad om utslepp frå etablering av A10 Drotningsviktunnelen og to tilkomsttunnelar til forankringskammer for ny Sotrabru (A8).
Dei øvrige delstrekka av Sotrasambandet vil bli send på høyring når søknadane er motteke.
A10 Drotningsviktunnelen
Drotningsviktunnelen vil vere ca. 1 960 meter lang med to parallelle løp, eit tunnelløp per kjøyreretning og to felt i kvart tunnelløp. Tunnelen skal ha to rampar, der påhugg vil liggje i området sørvest for Stiavatnet. Delvis parallelt med Drotningsviktunnelen skal det byggjast tre gang- og sykkeltunnelar på til saman 570 meter.
Utslepp av tunnelvatn i anleggsfasen omfattar produksjonsvatn frå boring og sprengning av tunnelane (tunneldrivevatn), og vatn som lek inn i tunnelane frå det omliggande berget (lekkasjevatn). Det vert søkt om utslepp av reinsa anleggsvatn til to sjøvannsresipientar, Søre Drotningsvika og Nordre Drotningsvik, og ein ferskvannsresipient, Storavatnet.
Oppstart av arbeida er planlagt i februar 2023. Byggestart av Drotningsviktunnelen ved Storavatnet er medio august 2023, og skal vere ferdig ca. januar 2026.
Kapittel 6 i søknaden gjer greie for miljø- og resipientforhold. Miljørisikovurdering med foreslåtte grenseverdier, avbøtande tiltak og overvaking/kontroll er beskriven i kapitlane 9 – 12.
A8 Tilkomsttunnel og forankringskammer for den nye Sotrabrua ved Knarrvika og Drotningsvik
På begge sider av den nye brua skal det etablerast tilkomsttunnelar til forankringskamre og brutårn. Vatn frå tunneldriving og frå riggområda skal reinsast før utslepp i sjø i Vatlestraumen på ca. 20 meters djupne.
Arbeida vil pågå på begge sider av Vatlestraumen samtidig. Oppstart arbeida for anleggs- og adkomstunnelar vil vere hausten 2022.
Kapittel 4 i søknaden beskriv miljø- og resipientforhold. Miljørisikovurdering med føreslåtte grenseverdier og avbøtande tiltak er beskrive i kapitlane 5 og 6.
Offentleg ettersyn
Saksdokumenta, inkludert høyringsbrevet, finn du til høgre på denne nettsida.
Merknader til søknaden kan du sende til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger. Merk saka med saksnummer 2021/4176. Frist for å gje fråsegn er forlenga til 21. oktober 2022 etter anmodning frå Bergen kommune.
Alle fråsegner blir registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn.
- Høringsfrist:
- 21. oktober 2022 23:00
Kontaktpersoner
-
Magne Nesse
Tlf: 55 57 23 35