Nordic Rutile søkjer om løyve etter forureiningslova for utfylling i sjø for landvinning - Engebø i Sunnfjord kommune
- Høringsfrist:
- 21. september 2022 23:59
Nordic Rutile AS søkjer om løyve etter forureiningslova til utfylling av ca. 30 000 m³ sprengstein i sjø, over eit areal på ca. 6 000m2 ved gnr/bnr. 431/3, 431/6, og 431/10 i Sunnfjord kommune.
Om tiltaket
Utfylling i sjø for å etablere industriareal skjer i samsvar med gjeldande reguleringsplan for området, "detaljregulering for utvinning av rutil i Engebøfjellet", sist endra 1. juli 2021.
Tidsperiode for planlagt gjennomføring av tiltaket er frå oktober 2022 til januar 2023 og skal gjennom heile perioden føregå bak siltgardin.
Om søknad om løyve til tiltak i sjø
Løyve etter forureiningslova til tiltak i sjø vil mellom anna
- regulere korleis arbeidet med tiltaka i sjø skal utførast,
- kva avbøtande tiltak som skal nyttast og
- korleis overvaking skal utførast slik at fare for forureining og negativ påverknad på omkringliggjande interesser blir redusert til ein akseptabel risiko.
Offentleg ettersyn
Saksdokumenta, inkludert høyringsbrevet, finn du til høgre på denne nettsida.
Merknader til søknaden kan du sende til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger. Merk saka med saksnummer 2022/11351. Frist for å gje fråsegn er 21. september 2022.
Alle fråsegner blir registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn.
- Høringsfrist:
- 21. september 2022 23:59
Dokumenter
- Nordic mining Engebø søknad 23 august.pdf
- No 1_NIVA 2009 - Tilleggsvurdering knyttet til stroemforhold og potensiell.pdf
- No 2_DNVGL 2014 - Marinbiologisk tilleggsundersøkelse i Førdefjorden.pdf
- No 3_Asplan 2022 - Fylling i sjø, Engebøprosjektet. Dykkarundersøking.pdf
- No 4_DNV 2022 - GRUNNTVANNSUNDERSØKELSE ENGJABØNESET - PRELIMINÆRE RESULTATER.pdf
- No 5_NIVA 2008 - Spredning av partikler i Overflatevann.pdf
- No 6_Sweco (2022) - Miljørapport Sedimentundersøkelser Engebø.pdf
- No 7_Detaljregulering Engebø.pdf
- No 8_Regplankart_Engebø.pdf
- No 9_Snitt utfylling.pdf
- No 10_Plan utfylling.pdf
- No 11_Oversiktskart 1-50000.pdf
- No 12_Prøvetakingskart.pdf
- No 13_Vedtak om ettstegsløyve til grunnarbeid.pdf