Vi ber om innspel til arbeidet med forvaltningsplanane for naturreservata Breisete og Rodeholene
- Høringsfrist:
- 10. mai 2022 23:59
Det er behov for ein forvaltningsplan, ein for kvart av desse naturreservata. No startar arbeidet.
Breisete naturreservat og Rodeholene naturreservat vart båe oppretta ved kgl.res. 22.06.2018 gjennom frivillig skogvern. Statsforvaltaren i Vestland er forvaltningsstyresmakt for dei to naturreservata.
Ein forvaltningsplan skal vere eit hjelpemiddel for å oppretthalde verneformålet og for å fremje verneverdiane. Forvaltningsplanar blir utarbeidde innanfor rammene i gjeldande verneforskrift. Dei skal også fungere som rettleiar for forvaltningsstyresmaktene. Ein forvaltingsplan er ikkje eit juridisk bindande dokument, men skal avklare handtering av verne- og brukarinteresser i området på bakgrunn av verneforskrifta som gjeld i områda. Verneforskrift og grenser er såleis ikkje tema ved utarbeiding av forvaltningsplanar.
Det er store allmenne interesser knytt til dei to naturreservata, samstundes som det er store naturverdiar i området. Statsforvaltaren vil gjere sitt til at prosessen med forvaltningsplan for dei to naturreservata skal vere ein open prosess med gode høve til å kome med innspel for alle som ønskjer det. Vi vil samarbeide med Sogndal kommune, grunneigar, rettshavarar og organisasjonar gjennom prosessen. Det kan vere aktuelt å arrangere opne møte som ein del av høyringa av framlegget til forvaltningsplan.
Kunnskapsgrunnlaget i dei to naturreservata er gått gjennom i undersøkingane som vart gjennomført i løpet av verneprosessen. I tillegg er det gjort nye undersøkingar i Breisete naturreservat i 2021. Vi ser det difor ikkje som aktuelt med nye biologiske undersøkingar i dei to områda.
Statsforvaltaren planlegg å sende eit framlegg til forvaltningsplan både for Breisete naturreservat og for Rodeholene naturreservat på høyring hausten 2022. Etter høyringa vil fråsegner til framlegget til forvaltningsplan bli innarbeidd, og forvaltningsplan for Breisete naturreservat og for Rodeholene naturreservat vil truleg vere ferdig i 2023.
Vi ber om innspel til arbeidet med dei to forvaltningsplanane innan 10.05.2022. Innspel sendast til Statsforvaltaren i Vestland, sfvlpost@statsforvalteren.no. For meir informasjon kontakt prosjektmedarbeidar Tom Dybwad (tlf. 57 64 31 23, e-postadresse fmsftd@statsforvalteren.no).
- Høringsfrist:
- 10. mai 2022 23:59