Mottak av forureina jord på Laksevågneset

Høringsfrist:
29. september 2019 23:59

Søknad om løyve til mottak og mellomlagring av forureina massar

Publisert 28.08.2019

Rimol Miljøpark har hatt mellombels løyve til mottak og mellomlagring av forureina massar på Laksevågneset i Bergen kommune.  Dette løyvet gjaldt fram til 1. august 2019.  Fram til søknad om permanent løyve er ferdig handsama vil vi vurdera å forlenga mellombels løyve.

Det er bygt hall på området for å skjerma massane mot vèr og vind.  Massane vert transporterte inn på anlegget med bil.  Transport ut vert med båt.

Offentleg ettersyn

Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida. Høyringsfristen er 29. september 2019.

Merknader til søknaden kan du leggje inn i skjemaet under, sende til fmvlpost@fylkesmannen.no, eller til Fylkesmannen i Vestland, Statens Hus, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger, innan 29. september 2019.

Merk saka med referansenummer 2019/6178. Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn.

Uttale til søknad forureina massar Laksevågneset

Høringsfrist:
29. september 2019 23:59