Klagerett på avgjerder om helse- og omsorgstenester
Dei næraste pårørande har, som regel, ikkje klagerett på vegne av vaksne som manglar samtykkekompetanse. For dei som manglar samtykkekompetanse må det oppnemnast verje, dersom vedkommande sjølv ikkje kan gi gyldig fullmakt.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Det har Helse- og omsorgsdepartementet avklara i ei uttale.
Tenestene har ei plikt til å rettleie
Det er pasienten eller brukaren eller representanten deira som har rett til å klage på avgjerder om rettar, etter pasient- og brukarrettslova paragraf 7-2. Representant for vaksne vil vere verje eller den som har skriftleg fullmakt.
Det er viktig at helse- og omsorgstenestene rettleier dei som klagar om at pasienten og brukaren sine interesser kan ivaretakast gjennom å nytte fullmakt eller bidra til at det blir oppnemnd verje med mandat til å ta hand om personlege interesser. Dersom det er behov for å vurdere eitt vedtak på nytt, før verje er oppnemnd, har tenesta og klageinstansen høve til å gjere om vedtaket etter forvaltningslova paragraf 35, blant anna når næraste pårørande ber om det.
Viktige unntak frå hovudregelen
I nokre tilfelle har næraste pårørande sjølvstendig klagerett etter regelverket. Dette gjeld til dømes tvangsvedtak om helsehjelp for pasientar utan samtykkekompetanse. Pårørande har klagerett på tvangsvedtak for personar med utviklingshemming. Også for ei rekke vedtak etter psykisk helsevernlova har næraste pårørande klagerett.
Andre reglar for tilsyn
Når det gjeld retten til å be Fylkesmannen undersøke om det er gjort pliktbrot i helse- og omsorgstenestene, har næraste pårørande til vaksne utan samtykkekompetanse, rett til å be om ei slik tilsynsvurdering, sjå pasient- og brukarrettslova paragraf 7-4.
Fylkesmannen vurderer elles, uavhengig av kven klagen kjem frå, om saka er så alvorleg at vi startar tilsynssak på eige initiativ.