Klem er nær fysisk kontakt
Kommunane skal følgje dei nasjonale tilrådingane om besøk i sjukeheim så lenge den lokale smittesituasjonen ikkje tilseier ein strengare praksis.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Publisert 05.03.2021
I dei oppdaterte faglege tilrådingane som kom i midten av februar presiserer Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet at omgrepet nær fysisk kontakt også omfattar ansikt til ansikt-kontakt.
Unntaket frå regelen om at besøkande i sjukeheim bør halde 1 meters avstand til den dei besøker, tilsette og andre bebuarar enn den dei besøker, er:
- Vaksinerte bebuarar kan ha nær fysisk kontakt, også ansikt til ansikt, med eit avgrensa tal uvaksinerte besøkande, og dei same over tid. Talet på besøkande bør ikkje vere fleire enn det som følgjer av nasjonale, eventuelt lokale, føresegner. Bebuarane bør sjølve får bestemme kven som er deira næraste.
- Dersom både den besøkande og bebuaren er vaksinerte kan dei ha nær fysisk kontakt, også ansikt-til-ansikt. Kontakt med vaksinerte besøkande kjem i tillegg til dei uvaksinerte besøkande beburaren sjølv har definert som sine næraste.
Les meir om dei oppdaterte råda og tilrådingane i koronarettleiaren til Helsedirektoratet og i Folkehelseinstituttets koronarettleiar.