Ledige verv ved kontrollkommisjonane i Vestland
Det er ledige verv ved tre av kontrollkommisjonane i Vestland. Søknadsfristen er 1. mars.
Publisert 04.02.2025
Det skal vere ein kontrollkommisjon ved kvar institusjon der nokon er under psykisk helsevern, og Statsforvaltaren oppnemner medlemmer til kontrollkommisjonane.
Hovudoppgåva til kontrollkommisjonane er å sikre rettstryggleiken til den enkelte i møtet med det psykiske helsevernet. Kontrollkommisjonen kontrollerer tvangsvedtak, behandlar klagar og fører velferdskontroll.
Trykk på lenkjene under for meir informasjon og søknadsprosedyre for dei ledige verva.
Kontaktpersoner
-
Marit Stornes
Tlf: 55 57 22 08