Ledig verv i Kontrollkommisjonen for Nordhordland, Midhordland og Sotra

Vervet som fast legekyndig medlem er ledig frå 1. januar 2025 til og med 31. desember 2028. Søknadsfristen er 1. september 2024.

Publisert 19.06.2024

Statsforvaltaren oppnemner medlemmer til kontrollkommisjonane for psykisk helsevern. Det skal vere ein kontrollkommisjon ved kvar institusjon der nokon er under psykisk helsevern.

Hovudoppgåva til kontrollkommisjonen er å sikre rettstryggleiken til den enkelte i møtet med det psykiske helsevernet. Kommisjonen kontrollerer tvangsvedtak, behandlar klager og fører velferdskontroll. Kommisjonen har faste møte. Kommisjonen har fire medlemmer, kvart medlem har ein med personleg varamedlem. Medlemmene vert oppnemnde for fire år, og kan reoppnemnast ein gong.

Kontrollkommisjonen skal vere samansett i tråd med reglane i likestillings- og diskrimineringslova § 28. Ved oppnemning til offentlege utval skal begge kjønn vere representerte med minst to medlemmer når utvalet har fire til fem medlemmer. Dette gjeld også ved oppnemning av varamedlemmer. Som medlem i kontrollkommisjonen kan du ikkje arbeide i det psykiske helsevernet eller ha andre bindingar til helseføretaket eller institusjonen som høyrer inn under kontrollkommisjonen. Du må ha interesse for psykisk helsearbeid og psykisk helsevern og like å samarbeide.

Krav til kvalifikasjonar for legekyndig medlem

Legekyndig medlem bør ha spesialitet i allmennmedisin. Det er òg ein fordel med lang praksis som allmennlege, gjerne erfaring frå kommunehelsetenesta, til dømes som fastlege. Ei brei samfunnsmedisinsk orientering er også verdfull.

Søknad

Send skriftleg søknad med følgjande opplysningar:

  • CV eller ei liknande oppstilling av utdanning og praktisk erfaring
  • kvifor du ønskjer å vere med i kontrollkommisjonen
  • opplysningar om du har vore medlem i kontrollkommisjon tidlegare, kva kommisjon
    dette var og kva periode/periodar
  • opplysningar om andre aktuelle engasjement og tilsettingar (for habilitetsvurdering)
  • namn på to personar som vi kan kontakte for referansar

Habilitet

I psykisk helsevernlova § 6-2 tredje ledd står det at: «Ingen kan være medlem av en kontrollkommisjon som skal føre tilsyn med tiltak og institusjoner for psykisk helsevern som vedkommende har noe ansvar for i sin vanlige stilling.» Helsedirektoratet seier vidare at medlemmen heller ikkje bør vere tilsett i det psykiske helsevernet.

Oppnemning

Vi gjennomfører intervju, dokumentkontroll og sjekkar referansar. Oppnemningsperioden er fire år. Oppnemninga er personleg. Helsedirektoratet legg til grunn at oppnemning til verv i kontrollkommisjon ikkje er å rekne som enkeltvedtak etter forvaltningslova.

Godtgjering for arbeid i kontrollkommisjonen

Arbeid i kontrollkommisjonen vert godtgjort per time etter reglane i psykisk helsevernforskrifta §§ 64 – 68. Satsen er rekna i prosent av salærforskrifta § 2. Reiseutgifter vert dekt etter særavtalen om dekking av utgifter til reise og kost innanlands. Nærare informasjon blir gitt ved oppnemning.

Helsedirektoratet arrangerer årlege kurs med opplæring av nye medlemmer av kontrollkommisjonane.

Send søknad til Statsforvaltaren i Vestland, på e-post: sfvlpost@statsforvalteren.no eller per post til Njøsavegen 2, 6863 Leikanger. Nærare opplysningar kan du få hos Marit Stornes, som du finn under «Kontaktpersonar».

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner