Inspirasjonsdag om velferdsteknologi i tenestene til personar med utviklingshemming
Torsdag 1. desember arrangerer Utviklingssenter for sjukeheimar og heimetenester (USHT) ein gratis heildigital inspirasjonsdag om velferdsteknologi i tenestene til personar med utviklingshemming.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Inspirasjonsdagen skal gje kunnskap om bruk av velferdsteknologi i tenestene. Eit viktig mål for dagen er å bli bedre kjend med nasjonale føringar, lovverk, ressursar og løysingar. Det vil og bli vist fram døme frå kommunane.
Målgruppa for dagen er tilsette i tenestene til personar med utviklingshemming, både tilsette i direkte tenesteyting og forvaltningskontor, leiarar og beslutningstakarar og andre med interesse for tema.
For påmelding, meir informasjon og program, sjå heimesida til USHT Vestland (Sogn og Fjordane).
Påmeldingsfristen er 30. november, klokka 12.00. Sendinga startar klokka 09.00, torsdag 1. desember. Det er USHT Vestland (Sogn og Fjordane), USHT Vestland (Hordaland) og USHT Helse Fonna som arrangerer inspirasjonsdagen.