Rettleiande statlege satsar for økonomisk stønad for 2025

Arbeids- og inkluderingsdepartementet har justert satsane med 3 prosent frå 1. januar i tråd med anslaget for vekst i konsumprisane i Nasjonalbudsjettet for 2025.

Publisert 03.01.2025

Satsane omfattar utgifter til heilt grunnleggjande behov som mat, klede, kommunikasjon, hushaldsartiklar og hygiene med meir, og tek også omsyn til andre sider ved dagleglivet, som fritid og sosiale behov. Utgifter til andre nødvendige ting, som bustad, innbu og utstyr er ikkje inkludert fordi dette er utgifter som varierer mykje.

Her kan du lese heile brevet frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet.

Utgangspunkt for skjøn

Rettleiande satsar er viktige og nyttige for å sikre likebehandling. Likevel er dei berre eit rettleiande utgangspunkt, og Nav-kontora har rett og plikt til å vurdere kvart tilfelle individuelt. Nav skal utøve skjøn når dei vurderer om det skal ytast økonomisk stønad, og ved utmåling av stønaden.

Kommunalt sjølvstyre

Kommunane bestemmer sjølv om dei skal nytte statens rettleiande satsar som utgangspunkt for skjønet, eller om dei skal ha eigne satsar til bruk for dette.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.